Gir meir til asylsøkjarar som reiser frivillig

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gir meir til dei som returnerer frivillig

– Vi skal stimulere fleire til å reise tilbake frivillig gjennom å betale dei litt meir pengar, som dei får med seg når dei reiser ut. Det vil spare oss for mykje pengar, for det er kostbart å ha folk i mottak, seier innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) til NRK.

Ordninga inneber at asylsøkjarane som får ekstra pengestøtte vil ta imot 10.000 kroner i tillegg til den ordinære reisestøtta på 20.000 kroner.

LES OGSÅ: Duka for nytt asylbråk i Stortinget

For å ta imot ekstrasummen kan ikkje søkaren ha forsømd utreisefristen. Det blir og stilt krav om at søkaren kom til Noreg før 1. april i år og at han eller ho har søkt seg til Noreg som førsteland.

Utlendingsdirektoratet (UDI) opplyser at målet er å stimulere til raskare frivillig retur for personar som ikkje har krav på beskyttelse i Noreg. Ordninga blir marknadsført via skjermar og plakatar i 31 kommunar.

LES OGSÅ: Åtvarar mot asyl-innstramming for familiar