Sjekk russebussen gratis
Statens vegvesen tilbyr gratis kontroll av russebilar ved trafikkstasjonar over heile landet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi ønskjer at russen skal ha hyggelege opplevingar i russetida, også i trafikken. Å ha ein russebil eller – buss som er i orden, vil bidra til ei tryggare russetid, og vi er her for å hjelpe, seier senioringeniør Tormod Schau i Statens vegvesen.
Han oppmodar alle som eig russebilar og bussar til å ta turen innom gratiskontrollane, som enkelte stader også er opne på kveldstid. Dersom køyretøyet blir godkjent i kontrollen, får det ein oblat i vindauget og slepp større tekniske kontrollar langs vegane i mai.