Fann giftig stoff i matemballasje

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mattilsynet har funne eit giftig stoff i sju av elleve materiale som er i kontakt med mat.

Mattilsynet har funne det giftige og hormonhermande stoffet ftalat i sju av elleve materiale som er i kontakt med mat, syner ein ny rapport.

– Næringa må forbetre rutinane sine for å unngå at matemballasje inneheld uønskte stoff, heiter det i ei pressemelding frå Mattilsynet torsdag.

LES OGSÅ: Kven deler du mat med?

Tilsynet har granska i alt 33 importørar og produsentar av matkontaktmaterial, som emballasje, service og produksjonsutstyr, og 53 ulike material. Analysar av elleve matkontaktmaterial viste at det blei funne ftalater i sju av dei.

– Materiala er enten trekt frå marknaden, eller det er gitt pålegg om at dei ikkje kan bli brukt til visse typar næringsmiddel, skriv Mattilsynet.

Ftalater, som i hovudsak blir brukt for å gjere plast mjuk, er helse- og miljøfarlege kjemikaliar som blant anna kan skade forplantningsevna. Søkjelyset blei retta mot dei farlege stoffa for fleire tiår sidan, og dei er sidan blitt forbodne i blant anna barneleiker.

LES OGSÅ: Mager sjømat gjer deg mindre svolten