Norsk Ordbok frå a til å
Det siste bandet er ferdig – 50 år etter det første kom ut.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det store prosjektet Norsk Ordbok kom ikkje i mål i jubileumsåret for Grunnlova i 2014 som planlagt. Men når det tolvte og siste bandet no endeleg er ferdig, 50 år etter det første, så er det ein nasjonal milepæl i seg sjølv.
Den siste fasen av prosjektet var rett nok ikkje så festleg. Våren 2014 signaliserte Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo at dei ikkje var interesserte i å vidareføre verken Norsk Ordbok eller arbeidet med dei nasjonale språksamlingane. Dei 28 forskarane i Norsk Ordbok fekk varsel om oppseiing, og ordboksarbeidet vart hengande etter.
LES OGSÅ: Blindern-skandalen
– Uvissa om korleis dette skulle gjerast ferdig, varte jo til nokså langt inn i 2015, seier tidlegare prosjektdirektør i Norsk Ordbok 2014 , språkdirektør Åse Wetås.
– Mange av redaktørane som da hadde fått se
g arbeid andre stader, vart etter kvart henta inn igjen på timebasis for å gjere ferdig forskingsbidraga sine til det siste bandet av ordboka, fortel ho.
Punktum og framhald
Den 30. november 2015 var omsider arbeidet med det aller siste bandet fullført, prosjektet formelt lagt ned, og Åse Wetås kunne ta fatt på den nye jobben som direktør i Språkrådet. Den 9. mars kan ho og alle dei rundt 85 andre som gjennom fleire tiår har arbeidd med prosjektet, setje eit endeleg punktum.
– Det smaker ekstra godt fordi vi som har arbeidd med dette, no veit at det ikkje er eit endeleg punktum, men at det no kjem inn ein ny eigar som har ambisjonar om å gyve laus på dette og utvikle det vidare. Det trur eg nok at alle vi som har jobba med dette opp gjennom åra, synest er ein bra premie, seier Wetås.
For like før arbeidet med ordboksverket var ferdig i november, kom beskjeden frå Kunnskapsdepartementet om at Universitetet i Bergen overtar ansvaret for både språksamlingane, Bokmålsordboka og Nynorskordboka og Norsk Ordbok.
– Aktiv drift ved eit norsk universitetet er eit signal om at dette er eit forskingsfelt som skal drivast vidare i framtida. Det er eg veldig glad for, seier Wetås, som var leiar for ordbokprosjektet frå 2008 til i fjor haust.
LES OGSÅ: Tilsette i Norsk Ordbok går til sak mot UiO
Behov for oppdatering
Glad er ho òg for at Høgskulen i Volda no har tatt på seg å lage rettleiinga til den trykte utgåva av det komplekse ordboksverket. Kan hende får høgskulen òg ansvaret for å vidareføre arbeidet med ordboka i samarbeid med Universitet i Bergen. Da er det òg håp om at dei fire og eit halvt banda som stadig berre finst på papir, kan få ein revisjon.
For det trengst meir enn overføring til digital form, forklarer Wetås. Det første bandet (a– doktrinær), som kom ut i 1966, er allereie både gammaldags og utdatert her og der. Ord som app, blogg og datavirus var ikkje eingong påtenkte den gongen, andre ord betyr ikkje det same lenger.
– Det er ein heil del som må gjerast med språkbeskrivingar som er 50 år gamle. Mykje har skjedd med språket på den tida, seier Wetås og slår opp på bil i det første bandet.
– Sjå «automobil»
– «Bil» er eit godt eksempel på korleis verda har forandra seg sidan grunnlagsmaterialet vart samla inn. Artikkelen er innskrenka til «stuttform av automobil», og så er det meininga av brukaren skal slå opp på «automobil» i staden for.
Derfor hadde det auka bruksverdien om alt hadde vore digitalisert, forklarer ho.
– Viss dette hadde vore fulldigitalt, så hadde det vore mogleg å gå inn og revidere alle orda som til dømes har med bil å gjere. Da kunne vi ha rydda opp i heile dette semantiske komplekset i éin operasjon. Så lenge verket delvis berre finst i trykt form, så går ikkje det. Da må ein byrje på a kvar gong, og det er ein veldig uhensiktsmessig og dyr måte å gjere det på, forklarer Wetås.
– Utruleg gøy
Språkdirektøren byrja i Norsk Ordbok som redaksjonsassistent og har også som sjef vore med på forskingsarbeidet imellom. Det å lage ordbok er reine julekvelden, meiner Wetås.
– Folk utanfrå trur det ofte ikkje når ordboksfolk fortel kor utruleg gøy vi synest det er å redigere ordboksartiklar. Det å byrje på eit ord og skulle beskrive det, det er som å pakke opp ein julepresang altså. Du veit ikkje heilt kva som ligg der. Det er overraskingar, og ofte ser du ein heilt annan bruk enn den du sjølv trudde var den vanlege, seier ho.
Byjenta frå Sandnes måtte til dømes innsjå at ikkje alle la det same i ordet låve som henne.
– Eg trur den endelege ordartikkelen hadde åtte ulike betydingsnummer og delbetydingar under dei igjen. Det var ein heil kulturtradisjon som bretta seg ut. Det er fasinerande kor mykje rikare språket faktisk er enn det vi som enkeltpersonar er klare over, seier Wetås.
Den rikdommen er no grundig dokumentert i Norsk Ordbok.
LES OGSÅ: Språksamlinga til Vestlandet