Barneombodet jublar for stemmerett for 16-åringar
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Gjev 16-åringar stemmerett
Og det kan bli endå fleire.
– Stadig fleire kommunar arrangerer folkeavstemmingar våren 2016, og trenden er heilt klart at 16- og 17-åringane blir innlemma, seier barneombod Anne Lindboe.
LES OGSÅ: «Få ungdom med i kommunereforma!»
Saman med blant andre Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) fekk Barneombodet gjennomslag for å halde forsøk med stemmerett for 16-åringar ved vala i 2011 og i 2015.
– Å gi 16-åringar stemmerett ved folkeavstemmingar er å gi dei eigarskap til framtida si. 16- og 17-åringar er modne nok, og med god informasjon og refleksjon kan dei ta politiske val på lik linje som vaksne, seier Lindboe
Også internasjonalt er det blitt meir vanleg å senke stemmeretten til 16 år ved folkeavstemmingar. I Skottland fekk 16-åringar stemme om lausriving i 2014, mens det er stort press for å senke stemmerettsalderen ved folkeavstemminga om EU i Storbritannia i 2016, opplyser barneombodet. (©NPK)