Dårleg luft kan gi gratis buss

Byrådet i Bergen foreslår gratis kollektivtransport på dagar med høg luftforureining for å få folk til å la bilen stå.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I tillegg ønskjer byrådet å femdoble bomtakstane på slike dagar, som eit alternativ til datokøyring.

– Vi trur beredskapstakstar saman med gratis kollektivtransport vil fungere betre enn datokøyring og gjere det lettare for folk å få kvardagen til å gå opp, seier byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti.

LES OGSÅ:Bylufta bryt EØS-reglar

Ho viser til faglege prognosar som antydar at dette vil kunne redusere trafikken med rundt 40 prosent.

Tiltaka er blant fleire strakstiltak som byrådet vil innføre for å betre bylufta.

Høg luftforureining blir definert som overskriding av grenseverdiane til helsemyndigheitene for nitrogendioksid (NO2) eller svevestøv i to eller fleire dagar på rad. (©NPK)

LES OGSÅ: Ungdom må betala for dårleg luft