– Må snakka med borna om kroppen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Tysnesbladet.

– Tidlegare har kommunen hatt ein kriseplan, men me vil skal skulane og barnehagane ha ein eigen beredskapsplan om seksuelle overgrep og vold mot born, seier Else Marit Særsten, representant i tenesteutvalet, på vegner av Arbeidarparti-gruppa i kommunestyret.

På sist møte i utvalet fekk ho gjennom eit vedtak om at kommunen skal laga nettopp dette.

– Med ein slik plan blir personalet rusta til å oppdaga og reagera riktig om ein får mistanke om at eit born er eller har vore utsett for overgrep, seier Særsten.

LES OGSÅ: Førsteklassingar får seksualundervisning

Mange utsett for ovegrep
Redd Barna og Stine Sofies stiftelse har malar og vegleiar som kan brukast for å laga beredskapsplanar, forklarar ho.

– Me ynskjer at temaet skal vera oppe på mellom anna planleggingsdagar, og at ein har øvingar på dette teamet jamleg. Trondheim kommune har lagt sin plan på dette ut som døme på Redd Barna si nettside, for å hjelpa andre kommunar med arbeidet, seier ho.

– Ein må jobba ope om tema som seksuelle overgrep. Skulen og barnehagen der borna oppheld seg store delar av dagen, har ei veldig viktig rolle. Dei tilsette må våga og spørja og leggja merke til korleis borna har det. Ein må snakka med borna om kroppen, og kva som er lov og ikkje lov. På eit tidleg stadie må ein også fortelja dei korleis dei skal oppføra seg på nettet, seier ho.

LES OGSÅ: Etterlyser betre sexundervisning

Inspirert av Redd Barna
Særsten viser til Redd Barna sin kampanje «JegErHer». Dei har innhenta statistikk om at seksuelle overgrep mot born går føre seg langt oftare enn dei fleste forstår.

Tal frå 2014 peikar på at meir enn ei av fem jenter under 18 år blir utsett for handlingar som er straffbare etter seksualbrotlovgjevnaden. Det same gjeld kvar tiande jente under 13 år.

– Det tyder at det truleg er mange born på Tysnes som er utsett for slike overgrep eller har vore utsett for slike overgrep, som dei held for seg sjølv og ikkje vil fortelja om, forklarar Særsten.

Særsten viser til barne- ungdoms- og familiedirektoratet si analyse av brukarar ved nasjonale støttesenter for seksuelle overgrep. Den viser at det tek over 17 år frå overgrepet skjer til den utsette klarar å fortelja om det.

– Mange born som opplever dette føler skuld og skam og held overgrepet for seg sjølv, fortel Særsten.

– Det er ein klar samanheng mellom meir søkjeljos på seksuelle overgrep og vold mot born og fleire melde forhold, seier ho.