Større bøter enn venta for aksjonistane
Unge miljøvernarar har fått 260.000 kroner i bøter etter ei veke med lenkeaksjonar mot gruvedrift ved Engebøfjellet i Førdefjorden. Likevel fortset aksjonane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dyrt å vere aktivist
Søndag ettermiddag vart fire nye aktivistar klipte laus frå anleggsmaskinene og frakta til politistasjonen i Førde, skriv Klassekampen.
Her kan du følgje aksjonistane live.
– Det blir gitt høgare bøter enn vi hadde venta basert på andre aksjonar med sivil ulydnad, seier sentralstyremedlem Tina Andersen Vågenes i Natur og Ungdom (NU).
LES OGSÅ: Aksjonerte mot Nordic Mining i Oslo
Likevel fortset organisasjonen aksjonane mot Nordic Mining, som har fått løyve til gruvedrift i området og til å dumpe avfallet i Førdefjorden.
– Vi stoppar først og fremst prøveboringane for å vise at vi kan og for å gi ein forsmak på kva som kan komme, seier NU-leiar Ingrid Skjoldvær.
Også partiet Raudts ungdomsorganisasjon, Rød Ungdom, har deltatt i aksjonane. Søndag skreiv NRK at Raudt Sogn og Fjordane har bestemt seg for å betale bøter for aksjonistane.
Politiet i Sogn og Fjordane seier at dei gjer det som må til for at Nordic Mining skal kunne gjennomføre prøveboringane på Engebøfjellet.
LES OGSÅ: Samar demonstrerer mot gruvedumping