Samar demonstrerer mot gruvedumping

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– 6. februar er ein festdag, men det er òg ein dag me står opp for hardt tilkjempa respekt for samiske rettar.  Når unge menneskjer med eit brennande engasjement for naturen denne veka er blitt borne bort av uniformert politi, er det som eit kaldt gufs frå Altastriden.

Det seier Isalill Kolpus, lokallagsleiar i Oslove Noereh, i ei pressemelding frå Natur og Ungdom.

LES OGSÅ: Politiet aksjonerte mot Natur og Ungdom 

Solidaritet med Førdefjorden
Saman med Natur og Ungdom demonstrerer den samiske ungdomsorganisasjonen mot gruvedumping framfor Stortinget klokka 15.00 i dag.

Slik vil dei syne solidaritet med aksjonistane som har gjennomført ulovlege aksjonar sidan tysdag, for å hindra oppstart av gruvedrifta i Engebøfjellet.

I april fekk Nordic Mining løyve til å utvinna mineralet rutil i bygda Vevring i Naustdal kommune.

Demonstrantane reagerer kraftig på at selskapet har fått løyve til å dumpe gruveavfallet i Førdefjorden.

Tysdag blokkerte aksjonistane anleggsvegen, før dei vart frakta bort av politiet, som gav bøter og ferdselsforbod.

Seinare har fleire aksjonistar kome til og lenkja seg til anleggsmaskinane.

LES OGSÅ: Aksjonane held fram ved Førdefjorden 

Repparfjorden neste
– Me veit at gruveindustrien i neste omgang ynskjer å sprenga bort fjell og tømma gift i fjorden i Sápmi, seier Kolpus i pressemeldinga.

I desember meldte NRK at gruveselskapet NUSSIR løyve til å starta gruvedrift og dumpa gruveavfall i Repparfjorden. 

– Den planlagde gruva i Kvalsund skal liggja i midt i et samisk reinbeitedistrikt i eit område kor reindrifta allereie er under hardt press frå ulike utbyggingsprosjekt. Eit sjødeponi i Repparfjorden vil òg vere slutten for tradisjonelt sjøsamisk kystfiske i fjorden, held Kolpus fram. 

NU vil lenkja seg
Natur og ungdom er oppteken av at ein nasjonal laksefjord, samt oppvekstområde for raudlista fiskeslag som kysttorsk. Dei varslar sivil ulydigheit òg i Kvalsund for å stogga prosjektet.

– Der regjeringa så tydeleg har teke parti med skitten og miljøøydeleggjande gruveindustri har me teke parti med den reine naturen og framtidige generasjonar. Det lovbrotet aksjonistane utfører i sivilt ulydige aksjonar er småtteri samanlikna med den organiserte miljøkriminaliteten dette prosjektet vil vere, seier Skjoldvær i pressemeldinga.