Anbefaler HPV-vaksine til gutar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jenter har sidan 2009 fått tilbod om HPV-vaksine når dei er rundt tolv år gamle for å førebyggje livmorhalskreft. No konkluderer ei arbeidsgruppe hos Folkehelseinstituttet med at vaksinen også bør innførast hos gutar i barnevaksinasjonsprogrammet.

– Nyare kunnskap viser at HPV spelar ei vesentleg rolle for utvikling av andre kreftformer, både hos kvinner og menn, seier avdelingsdirektør Britt Wolden ved Folkehelseinstituttet.

På bakgrunn av rapporten frå arbeidsgruppa har Folkehelseinstituttet sendt ei anbefaling til Helse- og omsorgsdepartementet. Gruppa peiker på at HPV – humant papillomavirus – i aukande grad forårsakar kreft hos menn.

Arbeidsgruppa meiner dette tilseier at både gutar og jenter bør bli gitt lik moglegheit til individuell beskyttelse, og at både gutar og jenter bør ha eit likt ansvar for å beskytte andre.

Dei meiner vaksinasjon av gutar og jenter vil vere den mest effektive måten å førebyggje HPV-infeksjon hos gutar. Vaksinasjon av gutar vil også gi beskyttelse til gruppa menn som har sex med menn, blir det slått fast. (©NPK)