Sanninga om anabole steroid

Dei har blitt knytt til både aggresjon og vald. Dominic Sagoe er den første som har kartlagt bruken av anabole steroid på verdsbasis.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Doktorgradsstudenten Dominic Sagoe (30) har studert anabole steriod. Dette fann han ut.

– Kva er anabole steroid?

 Anabole steriod er den syntetiske forma av testosteron; det mannlege hormonet som vert produsert i testiklane. Anabole steriod vert brukt i behandling av mange ulike lidingar, til dømes av HIV/AIDS- og kreftpasientar som har mista muskelmasse. Anabole steriod gir ein auka produksjon av protein, som fører til muskelvekst. Dette er også årsaka til at friske menneske bruker det ulovleg for å utvikle større og sterkare musklar.

– Korleis vil du skildre ein typisk brukar?

– Tidlegare var dei typiske brukarane idrettsutøvarar og særleg kroppsbyggjarar. Men samstundes som det har skjedd ei innskrenking i bruken innanfor idretten, har den generelle bruken blitt meir omfattande. I dag er ikkje-profesjonelle idrettsutøvarar dei typiske brukarane, altså folk som til dømes trenar på helsestudio. I sosiale medium ser vi ein stadig aukande tendens til at det å vere muskuløs vert framstilt som sjølve definisjonen på maskulinitet.

Saka held fram under biletet.

Dominic Sagoe har forska på anabole steriod. Foto: Eivind Senneset.

– Korleis er situasjonen for anabole steriodar i Noreg?

 I vår analyse av steriodbruken i dei nordiske landa, kom Noreg på andreplass, etter Sverige. Deretter kom Finland, Island og til slutt Danmark. Steroid ser ut til å vere populært blant idrettsutøvarar, men også blant stoffmisbrukarar og kriminelle. Den skadelege effekten av steriod byrjar å bli meir merkbar i Noreg, både for enkeltmenneske, familiar og i samfunnet. Eit kjend døme er 19-åringen Tord Grimstad frå Åsen, som byrja å bruke steriod og enda opp med å ta sjølvmord. Vi har også dømet med terroristen Anders Behring Breivik, som kjøpte steroid på Internett. I manifestet sitt skreiv han mykje om bruken av steriod og kvar ein kunne kjøpe desse.

– Kva kan du sei om bruken av anabole steroid i verda?

– Veldig mange andre rusmiddel har blitt studert, men ikkje anabole steriod. Før eg byrja på doktorgradsprosjektet hadde vi faktisk inga aning om korleis situasjonen var når det gjaldt steroidbruk rundt om i verda. Interessant nok syner det seg at landa i Midtausten, som Iran, Jordan, Dei foreinte arabiske emiratar og Irak er verdas framste brukarar av steriod. Dette er eit svært sårbart område tryggleiksmessig. Ser vi på tilhøvet mellom steriod og vald, og ser dette i samanheng med situasjonen i Midtausten, er det all grunn til uro. I Midtausten er også steriod lett tilgjengeleg for sal utan resept, i motsetnad til i Noreg og mange andre stader.

– Kor stor del av verdas befolkning brukar steriod?

– 3,3 prosent av verdas befolkning oppgir å ha brukt steriod minst éin gong. Dette er ein høg prosent, som utgjer hundrevis av millionar av menneske. Det er flest menneske som bruker steriod. Dette kan vere fordi narkotika aukar førekomsten av karakteristiske mannlege eigenskapar, som andletshår, hjå begge kjønn.

Saka held fram under biletet.

Å vere muskuløs er sjølve definisjonen på maskulinitet, og nokre bruker anabole steriod for å jukse seg dit. Men – biverknadane er mange. Illustrasjon: Colourbox.

– Kvifor er forskinga di viktig?

 Både sosiale og trykte medium gir oss ei førestilling av kva som er ein idealkropp. Denne førestillinga er ei viktig årsak til at folk byrja med steriod. Arbeidet mitt går ut på å informere offentlegheita om skadene av steriod, og å bidra med idear til korleis ein kan førebyggje og handtere dei skadelege biverknadane.

Saka er laga av UIB/Elin Espe Stensvand, og omsett til nynorsk av Framtida.no.