Fleire jenter tek antidepressiva

Bruken av antidepressiva er nær dobla på få år blant tenåringsjenter.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her tek flest antidepressiva

Til saman 34.000 jenter og gutar under 18 år her i landet brukar medisinar mot psykiske lidingar, ifølgje ein ny studie. Blant jenter på 17 år er bruken av antidepressiv nesten dobla på få år.

Studien frå Folkehelseinstituttet og Høgskolen i Hedmark baserer seg på Reseptregisteret. I alt 20.350 gutar under 18 år brukte medisinar mot søvnmangel, angst, depresjon og ADHD i 2014, mens 13.700 jenter gjorde det same, skriv Forskning.no.

LES OGSÅ: Ikkje berre «flinke piker» som slit

– Den totale bruken har auka blant barn og unge, fortel forskar Ingeborg Hartz.

I 2004 tok rundt 1.400 jenter på 17 år ut reseptmedisin mot psykiske lidingar, mens talet hadde gått opp til 2.300 i 2014.

2006 var eit botnår for bruk av antidepressiv, og fram til 2014 har bruken blant 17-årige jenter auka frå 1,7 til 2,8 prosent. For 2014 utgjer dette rundt 900 jenter.

Hartz understrekar at det ikkje nødvendigvis er slik at fleire har blitt deprimerte.

– Det er viktig å sjå dette i lys av kor mange som faktisk har ein alvorleg behandlingstrengande depresjon. Ein norsk studie frå 1998 viste at 2,6 prosent av alle 13-18-åringer hadde ein alvorleg depresjon, seier ho.

LES OGSÅ: «I dag er eg stolt over vegen eg har gått»

Faktaboks

Talet på jenter mellom 15 og 19 som tok antidepressiva i 2014 (prosent):

Akershus     2,4
Aust-Agder     2,7
Buskerud     2,6
Finnmark     3,8
Hedmark     3,2
Hordaland     3,1
Møre og Romsdal     2,5
Nordland     3,1
Nord-Trøndelag     2,9
Oppland     3,1
Oslo     1,9
Rogaland     2,8
Sogn og Fjordane     3,0
Sør-Trøndelag     2,8
Telemark     2,3
Troms     2,3
Vest-Agder     2,6
Vestfold     2,7
Østfold     3,4