Meir enn ei dobling av lettlesbøker på nynorsk

Samlaget med atten nye Leseland-titlar.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Leseland tel no totalt trettifire titlar med tilhøyrande appar. Det er meir enn ei dobling sidan 2014. Det kjem nye titlar kvart år framover.

Før Samlaget etablerte lettlesuniverset Leseland i 2014 hadde ein berre tjuefem lettlesbøker på nynorsk å velje mellom. Og det var ein urovekkande situasjon: den nynorske hovudmålseleven fekk ikkje høve til å bli stø i sitt eige mål med så få lettlesbøker på nynorsk, og brukte i stor grad bokmålsbøker. Som Bente Lothe Orheim, redaktør for Leseland, seier det:

LES OGSÅ: Bok: Her er dei beste bøkene for born og unge

– For å bli ein god hovudmålsbrukar må du ha tilgang til lettlesbøker på hovudmålet ditt. Med Leseland vil den unge nynorskbrukaren vere mykje betre rusta. Og tenk berre på kva det gjer med den språklege sjølvkjensla til den nynorske hovudmålsbrukaren når han eller ho ikkje finn lettlesbøker på nynorsk? Vi er svært glade for å kunne bøte på denne situasjonen.

Mange av bøkene er omsett frå andre språk, men dei norske forfattarane Anna R. Folkestad, Bente Bratlund og Linn T. Sunne er alle aktuelle med nye bøker i serien. Lettlesbøkene er delt inn i fem nivå etter leseferdigheiter, og handlar om alt frå kjærleik, og venskap til eventyr og humor.

Nytt av året er også fire faktabøker om merkelege dyr, forsvunne skattar, utrulege rekordar og mystiske stader (bilde).

Få nyhendebrev med siste boknytt her!