Slutt på jentepoeng i fleire fag ved NTNU
Jentepoenga forsvinn ved mange studium på NTNU frå og med i haust fordi kvinnedelen har passert 40 prosent.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Slutt på jentepoeng
Det skriv Universitas. Endringane gjeld om lag halvparten av mastergradsprogramma i teknologi som hittil har hatt slike tilleggspoeng ved opptak.
Industriell økonomi og teknologileiing, nanoteknologi, tekniske geofag, energi og miljø, bygg- og miljøteknikk skal no ikkje lenger ha jentepoeng, fordi dei har passert 40 prosent jenter. Desse studiane kallast gjerne også sivilingeniørstudiane ved NTNU.
Kunnskapsdepartementet grunngjev endringa med at kvinnedelen på desse studia no har blitt så høg at det ikkje lenger er behov for ekstra verkemiddel for å få fleire kvinnelege søkjarar. Jentepoenga blir fjerna frå og med opptaket i år, det vil seie studieåret 2016– 2017.
LES OGSÅ: NTNU gir alt for jentene
Ingeniørutdanningar, landbruksutdanningar og maritime høgskuleutdanningar vil framleis gi to tilleggspoeng til kvinnelege søkjarar.
Det skjer også ei rad andre endringar i opptaksforskrifta for høgare utdanning. Blant anna blir det forsøk med karakterkrav på fleire studium i høgare utdanning og auka krav i matematikk til realfagsstudium. (©NPK)
LES OGSÅ: Kjønnspoeng – òg til menn