Vil sikra lærlingane kvalitet
– Alle snakkar om at alle må få læreplass, men nesten ingen snakkar om kvaliteten, seier Nicholas Wilkinson (SU).
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Denne artikkelen stod først på trykk i Sunnhordland avis.
– Det er viktig at alle får den opplæringa dei treng. Difor må også opplæringa på arbeidsplassen vera verdig og god, seier Johanne Malene Ekeland Valvatne i Sosialistisk Ungdom (SU) på Stord.
Tysdag var ho og leiaren i SU nasjonalt, Nicholas Wilkinson, på Apply Leirvik for å snakka om verdien av gode læreplassar. Der møtte dei blant andre lærlingane Even Koløen og Markus Sletten Herrera, som begge skal bli industrirøyrleggjarar. Dei er godt nøgde med oppfølginga dei får, og trivst godt på jobb.
– Det er godt miljø blant arbeidarane, og me får god hjelp til å læra det me skal. Blant anna får me utdelt fadrar, som skal følgja oss opp, fortel Sletten Herrera.
Vil gje bonus
Sjølv om dei fleste verksemder som tar inn lærlingar gjer ein god jobb, meiner Wilkinson det finst ein del arbeidsgjevarar som utnyttar systemet. Det vil han gjera noko med.
LES OGSÅ: Krev garanti om lærlingsplass
– Her på Apply Leirvik er dei blant dei beste i landet. Dei tar inn sju lærlingar kvart år, og stort sett alle står på fagprøven. Men store deler av Norge har blitt eit bruk og kast-samfunn, der verksemdene tar inn læringar som billeg arbeidskraft, utan å gje opplæring og støtte, for deretter å kasta dei ut i andre enden, utan at dei står på fagprøven. Dette er det me som skattebetalarar som betaler for, seier Wilkinson.
For å få bukt med dette, vil SU ha ein «bonus» til verksemder som gjev god opplæring, med 10 prosent ekstra lærlingtilskot for kvar lærling som klarer fagprøven.
– Særleg med den krisa me ser på Vestlandet no, ser alle at me treng fagarbeidarar i verdsklase for å klara konkurransen. Då treng me betre yrkesfagopplæring enn me har i dag. Alle snakkar om at alle må få læreplass, og det er bra. Men det er nesten ingen som snakkar om kvaliteten på utdanninga, seier Wilkinson.
– Har de noko empirisk grunnlag for å påstå at verksemder utnyttar lærlingar?
– Nei, det har me ikkje, for det er veldig vanskeleg å måla kor godt lærlingane blir følgt opp. Men me veit frå medlemmene til fagorganisasjonane at det er store skilnader, og sunt folkevit tilseier at dei som blir følgt opp bra gjer det betre enn dei som ikkje blir det, seier Wilkinson.
– Ikkje utslagsgjevande
Ifølgje fagopplæringssjef Torbjørn Mjelstad i Hordaland fylkeskommune er ikkje ein slik bonus for gode læreverksemder noko nytt.
LES OGSÅ: Det må strakstiltak til
– For ein del år sidan var det eit slik kvalitetssikringstilskot, som verksemdene fekk etter at lærlingane fekk fagbrevet sitt. Dette blei bakt inn i lærlingtilskotet, mellom anna med tanke på å redusera byråkratiet, seier Mjelstad.
Hans inntrykk er at den store mengda av læreverksemder gjer ein god jobb, men ser ikkje bort frå at det finst nokre verksemder som utnyttar lærlingane.
– På generell basis er ikkje dette noko problem, og eg trur ikkje ti prosent, som vil utgjera om lag 13.000 kroner i løpet av to år, vil vera utslagsgjevande, seier Mjelstad.
Færre lærlingar i nedgangstider
Utfordringane i industrien råkar lærlingane.
– Me kan ikkje ta inn lærlingar som me ikkje kan gje skikkeleg oppfølging og opplæring, seier kommunikasjonssjef Odd Naustdal i Kværner Stord.
Han fortel at dei gjennom mange år har satsa bevisst på å rekruttera fagarbeidarar via lærlinginntaket.
– Dette er viktig for Kværner, både for å sørgja for påfyll av dyktige fagarbeidarar og med tanke på kompetansebygging, konkurransekraft og sysselsetting, seier Naustdal.
– Me tok i fjor inn 14 lærlingar. I 2013 og 2014 tok me inn 49 lærlingar, noko som var det høgaste inntaket sidan 90-talet. Kor mange me tar inn varierer i høve til arbeidssituasjonen i verksemda, og kor mange lærlingar me kan gje fagleg forsvarleg tilbod til. Truleg vil me ta inn om lag like mange i år som i fjor, seier Naustdal.
Stord kommune
Hos Wärtsilä tok dei inn tre lærlingar i fjor, og tar inn to i år.
– Dei utfordrande tidene i industrien har også ein effekt på årets opptak, seier Marie Launes.
Både Stord og Fitjar kommune, som er store arbeidsgjevarar, held seg om lag på same nivå som i fjor.
– Det er viktig for oss å gje eit fagleg godt tilbod til lærlingane. Stord kommune har hatt eit relativt høgt inntak av lærlingar og legg opp til å vidareføra dette i 2016, seier rådmann Magnus Mjør, som planlegg å ta inn 18 lærlingar i år.
LES OGSÅ: Ungdom utan læreplass får svi