Ingrid Skjoldvær er ny leiar i Natur og Ungdom
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ho er ny leiar i Natur og Ungdom
– I 2016 tenkjer eg at det er to ting som vert viktig. Det eine er å syta for at klimaavtalen i Paris vert gyldig gjennom lokale og nasjonale tiltak for å kutta klimagassutsleppa. Det andre vert å hindre fjorddeponi, seier Ingrid Skjoldvær på telefon til Framtida.no
På Natur og Ungdoms landsmøte 10. januar valte organisasjonen Skjoldvær frå Sortland i Vesterålen til ny leiar.
Ho tek over vervet etter Arnstein Vestre, som taka nei til attval etter to år som leiar.
Valkomiteen innstilte Tale Ellingvåg som ny leiar, men det var motkandidat Skjoldvær som stakk av med sigeren.
22-åringen var fylkesleiar i Nordland i perioden 2010-2012.
Hausten 2013 gjekk ho inn i sentralstyret, der ho sidan 2014 har fungert som 1. nestleiar.
LES OGSÅ: Martine (25) kjempar for openheit under Paris-forhandlingane
– Strir imot alle miljøfaglege råd
Saman med Gaute Eiterjord, som er ny 1. nestleiar og ny 2. nestleiar Magnus Storvoll Strømset lovar ho framleis kamp mot fjorddeponi.
– Det er skammeleg å fylle fjordane våre opp med stein og giftige kjemikaliar. Fjordane våre er unike i verdssamanheng og viktige som matprodusentar. Å tillata gruveavfall i norske fjordar strir imot alle miljøfaglege råd. Me vil ikkje tillata dette, slår den nyvalte leiaren fast i ei pressemelding.
I fjor fekk gruveselskap lov å deponera avfall i Repparfjorden i Finnmark og Førdefjorden i Sogn og Fjordane.
Natur og Ungdom fortel i pressemeldinga at Noreg er eitt av berre fem land i verda som opnar for denne typen avfallshandsaming.
Ungdomsorganisasjonen har tidlegare truga med lenkjer og Skjoldvær ser ikkje bort ifrå at det vert ulovlege aksjonar i 2016.
LES OGSÅ: Førde-politikarar klagar fjorddeponi inn for ESA
Sjanselaus olje i nord
Kampen mot oljeboring i nord og utdelingane av oljeblokker i 23. konsesjonsrunde er ei anna viktig sak for ungdomsorganisasjonen.
Ved sida av å jobba med klima, olje og energi i Natur og Ungdom har Skjoldvær erfaring som fagrådgjevar for olje i Bellona.
Ho oppmodar kommunane til å innføra viktige tiltak som betre busstilbod og kjeldesortering, samtidig som regjeringa må gjera tiltak for å kutta utsleppa i olje- og transportnæringa.
Målet er å gjere klimaavtalen til meir enn berre ord.
– Verdas land vart einige om ein klimaavtale i Paris, men Noreg manglar tiltak som kuttar utslepp. Olja i nord er sjanselaus i ei verd der me skal hindra katastrofale klimaendringar. Me blir nøydd til å stoppa utdelinga av nye område til skitten oljeindustri og satsa på fornybare ressursar, understrekar Skjoldvær i pressemeldinga.
LES OGSÅ: NU: – Utsleppa må ned og olja må liggje
Faktaboks
Det nye sentralstyret i Natur og Ungdom:
Leiar Ingrid Skjoldvær, Sortland
1. nestleiar Gaute Eiterjord, Stavanger
2. nestleiar Magnus Storvoll Strømset, Tromsø
Hanna Hågensen Aasen
Erlend Hansen
Natalie Akweley Ama Ekroll
Anna Birkeland Olerud
Tina Andersen Vågenes
Marte Guldal Bramness
Gjertrud Øvretveit
Einar Helland Berger
Olav Nicolay Larsson Aga
Syvert Tuntland Kråkenes
Josefine Sommar
Torgeir Vestre