«Bølgen» er ute av Oscar-racet

Den norske filmen «Bølgen» er ute av kampen om å vinne den gjeve Oscar-statuetten for beste framandspråklege film.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Av dei 81 utanlandske kandidatane har no Det amerikanske filmakademiet komme med lista over dei ni filmane som går vidare til ein ny runde. «Bølgen» er ikkje blant dei.

Det er derimot den danske filmen «Krigen», regissert av Thomas Lindholm og finske Klaus Härös film «The Fencer». Begge går vidare saman med filmar frå Belgia, Colombia, Frankrike, Tyskland, Ungarn, Irland og Jordan.

Lista skal kortast ned til fem filmar, som til slutt skal kjempe om Oscar-statuetten for beste framandspråklege film. Den endelege kåringa skjer under den 88. Oscar-utdelinga i Dolby Theatre i Los Angeles søndag 28. februar neste år. (©NPK)

LES OGSÅ: Ekspertar: Bølgen-filmen er realistisk