Reagerer på dyre Justin Bieber-billettar
– Hinsides, seier psykolog.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Hinsides dyre bilettar
I helga blei det kjent at dei dyraste billettane på Justin Bieber-konserten i Oslo neste haust vil kosta 17.000 kroner. Då får ein VIP-sete nær scenen og ein eigen sjølvi med popprinsen.
Dette får både belibers og mange andre til å reagera.
ARE KALVØ:Ung mann får hjelp!
– Denne typen prisklasse er heilt hinsides i forhold til kva det er verdt. Ein kan bruka pengane på så mykje anna, seier psykolog Willy-Tore Mørch til Dagbladet måndag. Han meiner prisnivået ligg langt av det akseptable.
– Det er absurd, seier Rano Akbar som står bak Bieber-bloggen JDBnorway.blogg.no.