Millionar døyr av inaktivitet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det går fram av ein studie om fysisk aktivitet og folkehelse i heile verda. Det er henta inn informasjon frå 131 land på oppdrag frå The Global Observatory for Physical Activity (GoPA).

Fysisk inaktivitet er ein vesentleg risikofaktor for utvikling av kroniske sjukdommar globalt. Dette gjeld både for rike og fattige land. Meir enn 5 millionar dødsfall per år på verdsbasis kjem av fysisk inaktivitet. Den globale kartlegginga viser at cirka 30 prosent av befolkninga over 15 år er inaktive. Best står det til i Søraust-Asia der berre 17 prosent er inaktive, medan vi i den andre enden av skalaen finn USA og den austlege Middelhavsregionen der så mange som 43 prosent av befolkningsgruppa er lite aktive.

LES OGSÅ: To veker i senga kan gjera deg 50 år eldre

Lita betring i Noreg
– I snitt er så mange som 30 prosent av den vaksne befolkninga i verda inaktive, noko som sjølvsagt er svært skadeleg for folkehelsa. I dag døyr det dobbelt så mange av inaktivitet i verda som av fedme og overvekt. Ei kartleggingsundersøking frå Noregs idrettshøgskole viser at den norske befolkninga er meir aktiv enn for 6 år sidan. Likevel oppfyller berre 32 prosent dei nasjonale tilrådingane for fysisk aktivitet, seier professor Ulf Ekelund ved Noregs idrettshøgskole til nih.no. Han har vore med å dokumentere folkehelsa i verda. (©NPK)