Terroren gjev tomme gater i Paris

– Viktigare enn nokon gong å ta til gatene i Noreg, seier Natur og Ungdom

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag kveld blei det klart at dei store planlagde folkemarkeringane i Paris i samband med klimatoppmøtet blir avlyst av tryggleiksmessige årsaker. Markeringane 29. november og 12. desember var venta å samla fleire hundre tusen menneske.

Natur og Ungdom sender ein delegasjon på 80 unge miljøvernarar til Paris under møtet og meiner det er trist at vedtaket vil gå ut over mange av dei grupperingane som har vanskeleg for å høyrast. 

– Forhandlarane vil no ha eit endå vanskelegare arbeid, fordi dei stemmene som desse markeringane ville løfta fram ikkje vil høyrast like godt. Sjansen for at me får den rettferdige avtalen verda treng blir dessverre mindre, seier Arnstein Vestre, leiar i Natur og Ungdom.

LES OGSÅ: Marie syklar 2000 km for klimaet

Det franske klimanettverket Coalition Climate 21 sa torsdag kveld at ein likevel skal sørgja for at sivilsamfunnet får plass og blir høyrt, gjennom alternative markeringar og initiativ. Natur og Ungdom oppmodar folk over heile landet til å gå i tog for ein sterk klimaavtale og ein rettferdig klimapolitikk.

– Det har aldri vore viktigare enn akkurat no at folk over heile verda er med og viser støtte til ein klimaavtale som er rettferdig og som tar klimaproblemet på alvor, seier Vestre

– I Noreg vil det òg vera mange klimamarkeringar, og desse er ein god sjanse til å visa solidaritet med menneske som blir ramma av klimaendringar verda over, avsluttar Vestre i ei pressemelding.

Natur og Ungdom reiser som planlagt til Paris for å følgja klimatoppmøtet frå utsida og inne på konferansen. Organisasjonen krev at klimaavtalen i Paris blir bindande, rettferdig og gir dei klimakutta og pengane på bordet som klimaproblemet krev.

LES OGSÅ: Ordførarar samlar seg om klimaopprop