Politihøgskolen skal evaluere væpning

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det varsla Humlegård då han møtte til høyring i Stortingets justiskomité tysdag.

– Norsk politi er godt utdanna og trent, og har totalt sett handtert situasjonen godt. Dei er ikkje trua meir med våpen i perioden mens politiet har vore væpna enn i åra før, sa politidirektøren i si utgreiing.

– Men det har også vore uønskte hendingar og nokre farlege situasjonar i perioden. Vi har hausta erfaringar med væpning og har sett i verk tiltak for å avgrense uønskte hendingar, heldt han fram.

Blant anna gjeld det nye bereløysingar og hylster for våpen, og dessutan enda meir trening på å vere væpna under ordinære tenesteoppdrag, ifølgje politidirektøren.

– Politihøgskolen vil gå i gang med ei evaluering av erfaringane med midlertidig væpning som blir ferdig neste år, og vi arbeider no med konsekvensar og vurderingar knytt til den nye trusselvurderinga frå PST, sa han. (©NPK)