Bispemøtet vil ha liturgi for ekteskap mellom likekjønna

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil vigsla homofile

Bispemøtet går inn for at det blir utarbeidd ein liturgi for ekteskap mellom likekjønna og ber Kyrkjemøtet gjere eit samlande vedtak om dette.

LES OGSÅ: Homofile prestar fryktar kyrkjevalet

Bispemøtet, som er samla på Voksenåsen hotell i Oslo, er opptatt av at det på neste Kyrkjemøtet i desember kan bli fremma eit forslag til vedtak.

– Det er ulike oppfatningar av vigsel blant likekjønna i Den norske kyrkja, også blant biskopane. Men vi er opptatt av å finne eit vedtak som kan virke samsende, seier preses Helga Haugland Byfuglien.

LES OGSÅ: Nektar homofile jobb i kyrkjer i Sandnes

– Det har vore viktig for oss at ein liturgi for forbønn og vigsel er tilsvarande for likekjønna som for ulikekjønna skal gjelde for heile Noreg. Alle skal kunne gifte seg i si lokale kyrkje, fortset ho.

Bispemøtet vil også opne opp for forbønn av likekjønna par som gifter seg borgarleg.

– Det er viktig for oss av vi kjem vidare i denne vanskelege saka, strekar Byfuglien under, som kallar dette ein svært viktig dag for kyrkja. (©NPK)