Nektar homofile jobb i kyrkjer i Sandnes

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nektar homofile jobb i kyrkjer

Sandnes kyrkjelege fellesråd har vedtatt at det ikkje skal tilsetjast homofile organistar, kantorar, kateketar eller diakonar i kyrkjene i Sandnes.

I personalreglementet står det allereie at «Søkjarar som lever i homofilt samliv kan etter dette ikkje bli tilsett i stillingane.», men saka var oppe til ny vurdering etter at eitt av medlemmene, Bjarte Ås Harbo, ønskte å fjerne teksten.

LES OGSÅ:Likestillingsombodet uroleg for ungdom på kristne skular

Men Harbo vart nedstemt med åtte stemmer mot éi i fellesrådet, skriv Stavanger Aftenblad.

– Det var ein respektfull debatt på møtet som viste begge syn, seier kyrkjeverje Andreas E. Eidsaa jr., som er sekretær for rådet.

I forkant av avstemminga hadde fellesrådet henta inn høyringsutsegn frå sokneråda. Dei viste at fleirtalet framleis vil stengje homofile ute frå både vigsla stillingar og stillingar som ligg nært opp til desse.

Kyrkjene har unntak frå arbeidsmiljølova og har høve til å forskjellsbehandle homofile i samliv. Høvet er avgrensa til vigsla stillingar og stillingar sterkt knytt til kjerneverksemda i trussamfunn. (©NPK)

LES OGSÅ: Vil bruke livet sitt i kyrkja