TV 2: Bieber har brote avtalen
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Framfor nesten 1.000 vantru publikummarar forlét den canadiske superstjerna scena på Chateau Neuf i Oslo like etter klokka 22.30. TV 2 stod som arrangør for konserten, som etter planen skulle sendast i november.
TEST DEG SJØLV: Kva veit du om Justin Bieber?
– Vi skulle sendt ein halvtimes konsert på TV 2 13. november, og vi har ikkje materiale til ein halvtime. Så der har vi ei utfordring, seier kommunikasjonssjef Jan-Petter Dahl til NRK.
– Dette er eit soleklart brot på den avtalen som vi hadde med Justin Bieber, legg han til.
Ifølgje Dahl er det for tidleg å seie noko om det blir reist erstatningskrav mot popidolet.
– Det er berre nokre timar sidan dette skjedde, og det er mange av oss som ikkje har sove så mykje i natt og hatt meir enn nok med å ta tak i sjølve hendinga. Så vi får snakke om konsekvensane når folk etter kvart vaknar og kjem seg på jobb, seier han. (©NPK)
LES OGSÅ: Iggy Pop: – Justin Bieber er framtida