Like bra å sitje som å stå
Helseeffekten av å stå på eit kontor er lik null, ifølgje ny undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I Storbritannia tilrådde styresmaktene i sommar kontoristar å betre helsa si ved stå minst to timar per dag på jobben. No viser derimot ein ny britisk studie at helseeffekten av den populære arbeidsmiljøtrenden er lik null.
Ei forskargruppe ved University of Exeter har følgt meir enn 5.000 personar i 16 år og målt samanhengen mellom tidleg død og tida dei bruker sitjande, ståande eller i rørsle, både på jobben og i fritida. Konklusjonen er at det er likegyldig om ein står eller sit.
– Studien vår viser at problemet snarare ligg i fråvær av rørsle enn av sitjinga i seg sjølv. Alle stasjonære posisjonar der energibruken er låg, kan vere skadeleg for helsa, enten dei er sitjande eller ståande, seier forskingsleiar Melvyn Hillsdon ved University of Exeter.
Studien viser til liks med andre studiar at mosjon og trening ikkje kan kompensere for ein stillesitjande kvardag. Men det er altså heller ikkje så mykje hjelp i å stå ved kontorpulten.
– Det viktigaste helserådet er framleis å oppmuntre folk til å røre på seg, meiner forskarane.
Studien er publisert i det vitskaplege tidsskriftet International Journal of Epidemology. (©NPK)