30.000 kan svelte i hel i Sør-Sudan
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
30.000 kan svelte i hel
Åtvaringane viser at Sør-Sudan står framfor den verste svoltkatastrofen sidan borgarkrigen braut ut i 2013.
Det viser ein analyse frå Integrated Food Security Phase Classification (IPC), som blant andre FNs mat og landbruksorganisasjon (FAO) og FNs matprogram (WFP) står bak.
LES OGSÅ: Sjømat kan bidra meir i kampen mot svolt og underernæring
Svoltkatastrofen har ikkje vore varsla offisielt tidlegare fordi det har vore vanskeleg å samle inn informasjon i konfliktområda.
No krev UNICEF, WFP og FAO umiddelbar og sikker tilgang til dei utsette områda i landet for å hindre at folk svelt i hel.
– Innskrenka tilgang til dei berørte områda og menneska som bur der har gjort det umogleg å stadfeste den store svoltkatastrofen, som blir ei enorm utfordring dei komande månadene, står det i rapporten.
Snart startar innhaustinga som truleg vil betre situasjonen litt, men i område som Unity State, der krigshandlingane held fram, er situasjonen no så alvorleg at mange menneske vil døy av svolt om hjelpeorganisasjonane ikkje får fritt leide til å frakte inn mat. (©NPK)
LES OGSÅ: Sudan vil “frigjere” Sør-Sudan