I Ålesund hamnar nesten alle flyktningane i jobb eller studiar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ålesund utmerkar seg i flyktningekrisa

Ferske, oppløftande tal frå Ålesund kommune: Ni av ti flyktningar i Ålesund kommune går ut i jobb eller studiar etter kvalifiseringsprogrammet.

Samtidig med det gode resultatet kjem det stadig fleire flyktningar og arbeidsmarknaden er anstrengt, fortel Sunnmørsposten.

Ville du husa ein flyktning? Slik svarar nordmenn på det spørsmålet

Verksemdsleiar Vigdis Thoresen i Ålesund kommune seier til avisa at kommunen er kreativ både når det gjeld utdanning og arbeidsliv, og viser til at det ikkje finst raske løysingar på utfordringane med å få folk ut i arbeid. I Ålesund kommune følgjer dei opp flyktningane på detaljnivå.

– Vi prøver å lytte til kva flyktningane ønsker sjølv, og så prøver vi å ordne med hospitering hos forskjellige bedrifter. Slik ser dei kva yrket handlar om, seier ho.

Kommunen satsar no på butikkfag og fagbrev i helsevesenet, to område der det er spådd behov for arbeidskraft i framtida. Politikarane i kommunen har gått inn for å busetje 90 flyktningar i år, det opphavlege talet var 50, fortel smp.no. (©NPK)

Andre kommunar er meir skeptiske: Jølster-ordførar åtvarar