Oddekalv fråteken statsstøtta
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det gir oss nye økonomiske problem, og vi må tigge pengar igjen, seier Oddekalv til Fiskeribladet Fiskaren.
Han seier at han ikkje har fått noko grunngjeving for kvifor Klima- og miljødepartementet har fråteke Norges Miljøvernforbund (NMF) støtta.
LES OGSÅ: WWF-rapport: Det står dårleg til med hava
For farleg for oppdrettsnæringa
NMF er den einaste organisasjonen som har mista statsstøtta, av 19 miljøorganisasjonar som i år har fått rundt 58 millionar kroner frå staten.
– At vi mista støtta for 2015 heng saman med reknskapsrot som vi sjølv er skuld i. Det er greitt, det må vi ta ansvar for og det har vi rydda opp i, seier Oddekalv.
Oddekalv meiner årsaka til at dei mistar støtta i forslaget til statsbudsjett neste år, er at organisasjonen hans er blitt for farleg for oppdrettsnæringa.
– Vi bruker svært mykje ressursar på å stoppe denne næringa og arbeidet vårt verkar. No skal vi stoppast. Det er uverdig det departementet no gjer, dei veit at vi har gjort alt rett, så det ligg nok andre ting bak, seier Oddekalv.
LES OGSÅ: – Havbasert fiskeoppdrett er framtida
Manglande dokumentasjon
Seniorrådgjevar Anne-Lise Haugeto i Klima- og miljødepartementet seier til Fiskeribladet Fiskaren at det berre er manglande dokumentasjon som gjer at departementet ikkje har grunnlag for å berekne støtte til forbundet lenger.
– Vi får ein sum å fordele, og han skal fordelast rettferdig etter kriteria i forskrifta, seier ho. (©NPK)