Likestilling gir betre livskvalitet for menn

Menn som lever i land med likestilling mellom kjønna, har langt betre livskvalitet enn menn i mindre likestilte land.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ei utbreitt oppfatning at auka likestilling gir kvinner fleire goder og privilegium, og at menn som følgje av dette mister gode og privilegier, seier professor ved Senter for tverrfaglig kjønnsforsking ved UiO, Øystein Gullvåg Holter til Kilden kjønnsforskning.no.

Det stemmer ikkje, ifølgje forskinga hans.

Dobbelt så stor sjanse for god livskvalitet
Gullvåg Holter har samanstilt statistikk frå 50 amerikanske statar og 31 europeiske land i ein ny database, ved namn Gender Equality Statistics. Med utgangspunkt i databasen slår han fast at auka likestilling er positivt både for kvinner og menn:

I meir kjønnslikestilte land i Europa, er sjansen om lag dobbelt så stor for at menn har god livskvalitet samanlikna med dei som lever i mindre likestilte land. Sjansen for at du er deprimert, skilt eller at du vert utsatt for vald med døden til følgje er også mindre, både for kvinner og menn.

LES OGSÅ: Kjønnspøbelen

– Det ser ut som kjønnslikestilling er ein dimensjon som har like kraftig innverknad på velferd og helse som likskap i inntekt. Eit viktig atterhald er at vi ikkje veit kva som er årsak og verknad. Vi veit ikkje om likestilling fører til betre betre helse, men assosiasjonen i seg sjølv er interessant, seier han ifølgje Kilden.

Bra for alle om menn tek sin del i heimen
Skilnadane i likestilling er store frå land til land. I dei mest likestilte europeiske landa deltek menn kring tre gongar så mykje i heimen samanlikna med i dei minst likestilte landa.

Landa der menn deltok minst i ulønna omsorgsarbeid var også landa som gjorde det dårligast i finanskrisa.

LES OGSÅ: Kvite damer til å passe barn, brune damer til å vaske hus

Gullvåg Holter seier til Kilden at han trur mange menn ikkje er klar over føremonene med likestilling.

– Dei føremonene knytt til likestilling som eg har funne, er underliggjande tendensar som kjem fram når ein bruker statistikk. Det er ikkje nødvendigvis så synleg i kvardagen til folk.

Han trur også at både kvinner og menn oppfattar likestilling som ei kvinnesak, og dermed noko som først og fremst kvinner tener på. Positive effekter for menn vert i større grad tilskrive eigeninnsats, ifølgje professoren.

Ei årsak til oppfatning kan vere at forsking og den offentlege samtalen om likestilling hovudsakleg handlar om kvinner, noko Gullvåg Holter kallar «kjønnsfella».

LES OGSÅ: Heller selje sex enn å jobbe i klesindustrien