Akk og Veberg

Anders Veberg tek for seg Dei Grønes vippeposisjon i Oslo, og gjentek påstandar som har hagla mot oss i valkampen. Å lese svara våre kan han neppe ha brydd seg med.

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Grøne studentar: Akk og Veberg

Vi vil ikkje ha bråstans i oljenæringa, men fase ut produksjonen over 20 år. Midlane som blir investerte i nye oljefelt, må flyttast til næringar vi kan leve av i framtida. Oljeeventyret tek slutt, enten på grunn av klimapolitikk eller fallande oljeprisar. Vi treng nye økonomiske bein å stå på.

Les innlegget til debattredaktør i Universitas og journalist i Framtida.no Anders Veberg her.

Skal verda unngå 2°C oppvarming, må ⅘ av kol, olje og gass bli i bakken. Vi har tent godt på olje, men vi kan ikkje basere oss på å øydeleggje livsgrunnlaget. Det er korkje rettferdig eller fornuftig.

Økonomisk vekst må skje innanfor jorda sine tålegrenser. Dei Grøne føreslår i sitt statsbudsjett meir enn 10 milliardar til å drive fram grønt næringsliv på område der vi har spesiell kompetanse eller naturgitte fortrinn. Gir vi desse næringane gode vilkår, står ingenting i vegen for å bygge det næringslivet vi skal leve av i framtida.

Økonomisk vekst er knytt til vekst i forbruk av naturressursar. Det materielle forbruket vårt ligg høgare enn tålegrensa, og i Noreg er det andre ting som vil gjere dei fleste meir lykkelege. Nesten 70 % ønsker seg kortare arbeidstid framfor auka kjøpekraft. Dette tek vi på alvor, og vil la folk ta ut effektivitetsvekst i meir fritid heller enn reallønsvekst.

LES OGSÅ: MDG aukar mest: – Heilt fantastisk

Internasjonale forhandlingar er viktige. Men skal Noreg kunne dra nytte av sin sjølvstendige posisjon i forhandlingane, må vi ha noko å komme med. I vårt statsbudsjett føreslår vi ei CO2-avgift på 1000 kr per tonn. Dette er, som Veberg påpeiker, ikkje lokalpolitikk. Men kommunane må vere med på omstillinga. Det er der folk bur. Å flytte midlar frå veg til sykkel og kollektivt er viktig.

Det er elles interessant at Veberg meiner å vite kva som vil skje i Oslo, før forhandlingane mellom partia er ferdige. Vi gler oss til å sjå korleis Dei Grøne i Oslo nyttar posisjonen sin til å skape ein by som er klar for ei framtid utan fossil energi.

Ingrid Ophaug Dahl, lektorstudent og tidlegare talsperson for Grøn Ungdom

Endre Borgen Mæland, enkeltemne-student og talsperson for Grøne Studentar