Trur Noreg må busetje 15.000 nye asylsøkjarar
Statsminister Erna Solberg (H) trur talet asylsøkjarar og flyktningar norske kommunar må ta imot i år kan komme opp i 15.000.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Trur Noreg må busetje fleire asylsøkjarar
Solberg meiner at Noreg alt har tatt ei leiarrolle i handteringa av flyktningkrisen og peiker på at tilstrøyminga til Noreg er stor.
LES OGSÅ: Har aldri kome fleire mindreårige asylsøkjarar
– Viss tilstrøyminga av asylantar held fram, vil det kanskje komme 16-17.000 asylsøkjarar i år. La oss seie at 12.000 av dei får opphald. Saman med 3.000 kvoteflyktningar har vi då 15.000 flyktningar. Dei skal bli busett i norske kommunar, seier Solberg til Dagbladet.
Dermed meiner ho at det kan bli vanskeleg å innfri krava frå Venstre, KrF, Miljøpartiet Dei Grøne og SV om at Noreg skal gjere meir og ta imot enda fleire flyktningar
– Eg anerkjenner ønsket deira om å delta. Men eg trur dei undervurderer kor stor tilstrøyminga eigentleg er for augneblinken, seier ho.
LES OGSÅ: Nytt asylmottak for ungdom
– Før sommaren låg vi på femte-sjetteplass i mottak av asylsøkjarar per innbyggjar. Tyskland og Sverige har fått mange, men målt mot andre land i Europa, tar vi mange, seier Solberg.
Måndag reiser justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp) til EU for å drøfte flyktningkrisen med leiarar frå heile Europa. Seinare i veka møter Solberg Tysklands statsminister Angela Merkel i Berlin. (©NPK)