Stort behov for flyktningguidar
I dag har Noreg 1.300 guidar som hjelper flyktningar til å bli integrert i det norske samfunnet. Røde Kors håpar mange fleire vil melde seg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sjølv om mange ønskjer å hjelpe flyktningane, er det stor mangel på guidar som kan lose dei som har fått opphald i Noreg inn i samfunnet, skriv NRK. Særleg stort er behovet no som det er venta ein straum av nye flyktningar.
– Det udekte behovet vårt er stort fordi flyktningguidane våre sluttar. Dei sluttar ikkje å vere guidar, men dei sluttar å vere guidar for nye flyktningar fordi dei ønskjer å fortsette med dei har gode vennskapsrelasjonar til, seier Jon Peter Wium i Drammen Røde Kors.
Han fortel at det å bli ein god guide ikkje handlar om utdanning, men evna til å sjå andre menneske og sette seg inn i kva dei har hatt med seg.
– Vi sender våre folk på kurs. Det handlar om å vere eit godt medmenneske, seier Wium. (©NPK)