Bjella er blodfan
Stein Torleif Bjella diggar musikkvideoane amatøranimatør Anders Godø Hesbøl har laga til musikken hans. Sjekk dei ut du òg!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Bjella: – Eg er blodfan!
«Sjå den suverent flotte nye animasjonen frå Anders Godø Hesbøl. No er det «Øvre-Ål Resort» som får gjennomgå. Eg er blodfan!» skriv Stein Torleif Bjella på si Facebook-side.
LES OGSÅ: Feirar 100 år med norsk animasjon
Bak videoen står ein 37 år gamal lege frå Kongsvinger, som denne hausten har bytta legefrakken mot animasjonsstudier på Høgskulen i Volda.
I fleire år har han laga eit stop-motion-univers av rare figurar på Youtube. Der finn ein både den småsvarte serien «Roadkill» og dei populære Bjella-musikkvideoane.
Han har òg laga videoar til musikk av Roy Lønhøiden og Maria Due, men bygderomantikaren frå Ål har vore ein ekstra stor inspirasjon for Hesbøl.
– Det første albumet til Stein Torleif traff meg midt i mellomgolvet. Så då vakna kunstdraumen igjen. Har ein moglegheita til å verkeleggjere draumar, så må ein jo det, sa animatøren til NRK i sommar.
Sjå Bjella filmane her: