Vann filmpris i Cannes

Ein reklamefilm som skal lokka fleire innbyggjarar til Sunnhordland får internasjonal merksemd.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Bladet Sunnhordland.  

Sunnhordlandsfilmen «Where do you want to live?» blei valt ut blant 772 bidrag frå heile verda i Cannes Corporate Media & TV Awards 2015. Vinnarane vil få tildelt eit trofé forma ut som ein delfin, i tillegg til diplom. Om ein vert løna med utgåva i sølv, gull eller den kvite Grand Prix-delfinen, vert først kunngjort under sjølve prisutdelinga 15. oktober. Utdelinga går føre seg på Palm Beach i Cannes, skriv Samarbeidsrådet for Sunnhordland i ei pressemelding.

Rosar Frohm
Filmen «Where do you want to live?» er produsert for Samarbeidsrådet for Sunnhordland av Zpirit reklamebyrå. Regissør er Simeon Frohm.

– At filmen igjen vert heidra med pris og lagt merke til også ute i Europa, viser at me når dei målgruppene me definerte i forkant og at slike omdømmefilmar definitivt kan vera effektive verktøy så lenge dei blir laga på rett måte. Takk for supert samarbeid til regissør Simeon Frohm som har mykje av æra for suksessen, seier Steinar Hårde, prosjektansvarleg i Zpirit, i pressemeldinga.

Stor festival
Filmfestivalen skal vera den største i sitt slag i Europa. I verdssamanheng er han den nest største. Samstundes vert det sagt at dette er ein av dei viktigaste festivalane for bedriftsfilmar i verda, ifølgje pressemeldinga.

Sunnhordlandsfilmen deltek i kategorien «bedriftsfilmar og –videoar». Det er seks ulike filmkategoriar i konkurransen, kvar med sine underkategoriar.

Festivalen starta i 2010. I år er det sjette gong han vert arrangert.

Tredje prisen
Tidlegare har sunnhordlandsfilmen blitt tildelt Gullsild frå Markedsforeningen på Haugalandet. I juni vann han også prisen for «Best direction» under filmfestivalen FilmAT Film, Art & Tourism Festival i Warszawa i Polen.

Kjetil Hestad, styreleiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland og ordførar i Tysnes kommune, seier i pressemeldinga at det er fantastisk gledeleg at filmen om Sunnhordland no får den andre internasjonale prisen på kort tid.

– Dette betyr mykje for filmen sin verknad, regionen og produsentane av filmen. Her er det mykje å gle seg over, seier Hestad.

Han legg til at filmen har bidrege til å setja Sunnhordland på kartet. Samstundes peikar han på at dette er viktig arbeid som vert gjort for å skapa optimisme og bulyst i regionen.


«Where do you want to live?» er reklamefilmen om regionen Sunnhordland. Filmen er produsert av Simeon Frohm / Zpirit