Det tek lang tid å reparera elvene

Vassdrag som har fått gjennomgå av menneskelege inngrep treng minst 25 år på å komma tilbake til naturtilstanden.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskning.no skriv om den svenske forskaren Eliza Maher Hasselquist, som har sett nærare på vassdrag i Sverige, der menneskeleg påverknad har hatt stor effekt på elvene. Det er spesielt tømmerfløyting, der elveleier blir demma opp, dammar bygd og steinar sprengd vekk, som har påverka den naturlege floraen i svenske elver.

Det veks ikkje tilbake over natta, er konklusjonen til Hasselquist. 13 elver vart undersøkt, og restaureringsarbeidet i alle vart starta for mellom fem og 25 år sidan.

Konklusjonen er at det tek minst 25 år å restaurera strandsona i eit vassdrag. Det står i kontrast med femårsperioden som var gjeldande frå før for å kontrollera restaurering av elver.

Det finst måtar å framskunda prosessen på, meiner også forskarane – det kan vera mogleg å gjera restaureringa meir effektiv med å så frø av naturleg førekomst.

LES OGSÅ: – Øydelegg naturopplevinga