Søkjer seg til landbruket
Nesten alle landbruksstudia ved universitet- og høgskulane har fylt opp plassane. Nokre av studia har også ventelister.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dette viser at ungdom har tru på ei framtid i landbruket, og det er avgjerande for at vi skal lukkast med å nå dei landbrukspolitiske måla våre, seier statssekretær i Landbruks- og matdepartementet Hanne Maren Blåfjelldal i ei pressemelding.
LES OGSÅ: Kvar tredje danske bonde truga av konkurs
– Viktig for landbruket
Spesielt skogfag har stor tilstrøyming av studentar. Det er NMBU på Ås og Høgskulen i Hedmark som tilbyr høgare utdanning i denne studieretninga. Ved søknadsfrist var faget det som hadde størst auke ved NMBU, frå 22 førsteprioritetssøkarar i 2014 til 56 i 2015.
Departementet skriv vidare i pressemeldinga at Husdyrfag også har hatt ein stor auke frå 26 førsteprioritetssøkarar i 2014 til 44 i 2015. Dei øvrige landbruksfaglege programma er stabile eller viser ein liten auke.
– At det vert utdanna fleire kandidatar med høg kompetanse frå høgskule- og universitetsnivå er viktig for landbruket. Landbrukssektoren treng rekruttering av fagpersonar med høg kompetanse, seier Blåfjelldal.