Magnus Devold vurderte om han skulle bli «ordentleg skodespelar» eller halde på humordraumen.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Komikar Magnus Devold (40) er i advent å sjå på Bakemesterskapet Julespesial på NRK.

Då han fylte 20, hadde Devold nyleg byrja på teaterlina på Romerike folkehøgskole.

– Eg budde mitt til no einaste år i utkanten av Jessheim, skriv han i ein epost til Framtida.

Året på folkehøgskulen var utruleg bra, og gjengen derfrå var dei viktigaste folka i livet på den tida. Mange av dei har han framleis kontakt med i dag.

– Eg har aldri vore i ei så tjukk boble som dette, så det som skjedde rundt oss var stort sett ein parentes, skriv han.

Likevel hugsar han nokre hendingar frå 2006: Noreg gjorde det dårleg i vinter-OL i Torino, karikaturstriden fylte media, og Pluto vart degradert til dvergplanet.

– No kallast det kanskje vekstvariert planet, legg han til.

Koste seg

Som Oslo-gut syntest Devold det var spennande å bu på internat med over hundre andre frå heile landet, som snakka ulike dialekter.

– Alle ville så mykje, lage framsyningar, finne opp eigne leikar og kose seg. Folkehøgskule er jo ikkje noko anna enn å kose seg, det er nesten utruleg at det er lov å kose seg så mykje, skriv han.

Elevane såg naturlegvis mykje teater, og Devold var redd for at dei som hadde gått dramaline på vidaregåande, skulle skjøne mykje meir av stykka enn han.

– Veldig mange på skulen byrja å sjå på Lost, som nokon hadde kjøpt på DVD til tv-rommet på skulen, men det hang eg meg aldri på. Har framleis ikkje sett Lost.

Det han derimot fekk med seg av populærkultur, var Kanye West, Bob Dylan og Kaizers Orchestra på Roskildefestivalen.

– Det var stort på alle måtar.

Toro og is med bær

På sjølve 20-årsdagen arrangerte Devold og ein kompis gallamiddag for over 20 gjester, i barndomsheimen til kompisen.

– Alle tok på seg det finaste dei hadde, og vi følte oss ekstremt vaksne. Men så var vi berre 20 år, så eg trur vi serverte Toro meksikansk gryte eller noko. Og is med varme bær, som er det mest proffe to 20-åringar kan lage til dessert.

Alle festane han var på, står att som nokre av dei sterkaste minna.

– Alle hadde digitalkamera og tok hundrevis av bilete. Skilnaden frå då til no er at vi aldri tok bilete av oss sjølve, men alle dei andre. Eg føler framleis eg har mange festar eg har bokstaveleg talt fotografisk minne frå.

Frykta ingenting

Komikaren hadde planar om å drive med humor allereie frå han var med i skulerevyen på vidaregåande. Men så hadde han det så gøy på teaterlina at han trudde han passa betre til å bli «ordentleg skodespelar».

– Eg søkte teaterhøgskulen, men kom ikkje inn. Flaks. Eg trivst mykje betre med humor, og gjekk heldigvis tilbake til å satse på det ganske fort, fortel han.

Devold hugsar at han gledde seg til 20-åra, til å flytte ut, reise og starte på livet.

– Eg trur ikkje eg frykta noko som helst då eg var 20. Det er heilt utruleg å tenke på no, men eg gjekk med ei kjensle av at alt skulle ordne seg, skriv han.

Ingen plan B

Om han hadde treft seg sjølv som 20-åring i dag, ville han ha vorte overraska over energien og overskotet til å vere rundt andre menneske konstant, utan noko som helst åleinetid.

– Eg er framleis glad i folk, men å ha 100 andre oppå meg døgnet rundt, og til og med bu på dobbeltrom, hadde blitt altfor mykje, skriv han.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Eg er glad for at eg torde å satse på det eg ville gjere. Eg hadde ikkje nokon plan B, og viss du ikkje har det, må du berre gå fullt og heilt for plan A. Og ha det så gøy som mogleg mens du kan.