Magasinett og Framtida.no lyser ut årets siste skrivekonkurranse for deg i alderen opp til 25 år. Vinnaren får 1500 kroner og teksta si publisert på Magasinett og Framtida. Det vert òg bokpremie til tekstar som juryen vil gje heiderleg omtale. 

Magasinett
Publisert

Svar på éi av oppgåvene under og vinn:

1. Håp for 2027

Skriv ei tekst der du løftar kva du håpar vil skje i 2027. Det kan vera anten personlege mål og draumar, eller håp for Noreg eller verda. Vel éin ting og skildra korleis det er i dag og korleis du håpar og drøymer om at det skal bli. Hugs å lenkja til kjelder der du har sitert andre eller henta inn fakta som ikkje er allmennkunnskap.


2. Årets nyord

Fleire aktørar har allereie kåra «Årets nyord». Kva meiner du burde blitt årets ord 2026? Korleis har dette ordet eller fenomenet prega året som har gått? Du kan anten ta utgangspunkt i eit ord du er ueinig med at burde vera «Årets nyord», og argumentera for eit betre alternativ, eller bruka heile teksta til å løfte det du meiner er «Årets nyord 2026». Hugs å lenkja til kjelder der du har sitert andre eller henta inn fakta som ikkje er allmennkunnskap.

3. Einsemd som eit samfunnsproblem

Den siste tida har fleire snakka ut om einsemd i media. Skriv ei tekst der du tek føre deg einsemd som samfunnsproblem, og korleis me kan løysa dette. Du kan bruka personlege erfaringar, eller research du har gjort om unge og emnet. Hugs å lenkja til kjelder der du har sitert andre eller henta inn fakta som ikkje er allmennkunnskap.


Konkurransereglar:

Premie: 1500 kroner, bokpakke, publisering på Magasinett/Framtida.no.

Aldersgrense: Open for alle til og med 25 år

Målform: Nynorsk

Aldersgrense: Til og med 25 år

Frist: 16. desember 2026

Innlevering: Send inn bidraget via Framtida.no sin debattportal. Hugs å kryssa av for «skrivekonkurranse». Du kan òg sende inn som Word- eller PDF-fil til e-post skrivekonkurranse (a) framtida.no. Hugs å leggja ved dokumentet i e-posten, slik at juryen kan opne det utan tilgang til skulen din sine e-post-system.

Merknad: Bidraget må vera skrive av deg personleg. Tilsette i Framtida.no og Magasinett og deira næraste familiemedlemmar kan ikkje delta i konkurransen.