Fleirtal på Stortinget vil ha nasjonale retningslinjer for abort
Eit breitt fleirtal på Stortinget ber regjeringa innføre nasjonale faglege retningslinjer for abort for å redusere ventetider og geografiske forskjellar.
Det melder NRK.
Senterpartiet står bak forslaget, som får støtte frå Arbeidarpartiet, Venstre, Raudt, Høgre og Frp. Forslaget skal røystast over i helse- og omsorgskomiteen 24. november.
– Det betyr at kvinner skal sleppe å oppleve så store variasjonar i tilbodet, alt etter kvar du bur i landet, og at aborttilbodet og abortforløpet blir meir likt, seier leiar av helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe (Sp).
MDG og KrF er imot forslaget. MDG meiner det er «unødvendig byråkratisering», medan KrF fryktar at retningslinjer vil senke terskelen for abort og svekkje oppfølginga av kvinner.






