Politikarane vil ha pils i parken: Helsedirektoratet seier klart nei

Helsestyresmaktene åtvarar mot å fjerne forbodet mot å drikke alkohol på offentleg stad. Likevel kan ei oppmjuking få fleirtal på Stortinget.

NPK-NTB-Daniel Lundby Olsen / Marius Helge Larsen
Publisert

Arbeidarpartiet vedtok i fjor at dei vil endre alkohollova slik at kommunar kan velje ut område og parkar der det er lov å drikke alkohol.

Regjeringa bad Helsedirektoratet greie ut korleis dette kan gjerast, og måndag sende direktoratet, etter fleire utsetjingar, endeleg si anbefaling til Helse- og omsorgsdepartementet. Folkehelseinstituttet har også delteke i utgreiinga.

For dei som drøymer om pils og såkalla «partysoner» i parken neste sommar, er konklusjonen ein kalddusj – også for regjeringa:

Dagens reglar bør bestå, meiner Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet.

KrF: Bør parkere debatten

I utgreiinga blir det understreka at omsynet til barn og andre sårbare grupper har vege tungt for anbefalinga.

Begge fagorgana fryktar at drikkesoner kan avgrense kvar barn og unge kan bevege seg og meiner det er lite sannsynleg at sonene vil gjere det offentlege rommet tryggare for barn.

I Kristeleg Folkeparti meiner dei utgreiinga bør føre til at heile debatten om alkohol i parken blir lagd død.

– No er det på tide å parkere debatten om pils i park. Parken skal vere for alle, her gjer vi lurt i å følgje Helsedirektoratet og FHI. Vi deler bekymringa for at barn og andre mistar ein viktig fristad, seier helsepolitisk talsperson og nestleiar Ida Lindtveit Røse i KrF til NTB.

Utsette barn

Spesielt barn som opplever rusproblem heime, kan vere utsette dersom alkoforbodet blir lempa på, blir det påpeika i utgreiinga. For dei kan det vere belastande å møte påverka vaksne også utanfor heimen, som elles kan vere ein fristad.

Helsedirektoratet trur ikkje ei moderat oppmjuking – som pils i parken – vil auke det samla alkoholforbruket i samfunnet stort, men fryktar likevel at det vil bidra til meir jobb og belastning på politi og kommunar.

I tillegg blir det trekt fram at behovet for ei lovendring ikkje er sterkt nok og at det er uklart kva problem ei slik endring skal løyse.

– Politikarane bør lytte

Actis, samarbeidsorganet til rusfeltet, har vore ein tydeleg motstandar av oppmjuking av alkohollova. Allereie lenge før utgreiinga kom, bad dei regjeringa leggje forslaget i skuffa.

– Vi er glade for at Helsedirektoratet anbefaler å føre vidare dagens forbod av omsyn til barn og unge. Det bør politikarane lytte til. Parkane skal vere ein fristad for alle og kan ikkje bli tekne over av dei som vil feste, seier generalsekretæren til organisasjonen Inger Lise Hansen til NTB.

Ho er ikkje i tvil om at drikking i offentlegheita vil gjere det vanskelegare for politiet å gripe inn tidleg og dermed unngå bråk og uro.

– Dette kjem også til å koste kommunane dyrt. Dei kan ikkje opne for partysoner i parkane utan å setje av pengar til auka vakthald og kontroll, søppelhandtering og toalettfasilitetar. I tillegg kjem ekstrabelastninga på helsetenester som legevakt og ambulansetenesta, seier Hansen.

Foreslår tidsavgrensa unntak

Helsedirektoratet lukkar likevel ikkje døra heilt for ei viss oppmjuking av dagens alkoholreglar. I utgreiinga er tre alternativ vurderte: Dagens ordning, oppheving av forbodet – og dette:

Dersom politikarane på Stortinget likevel vil endre lova, anbefaler direktoratet at kommunane kan tillate drikking på bestemde område i inntil fire år om gongen.

Kommunane skal då leggje vekt på omsynet til barn og unge, folkehelse, ro og orden og alkoholpolitikken til kommunen, ifølgje lovforslaget i utgreiinga.

Regjeringa vurderer vegen vidare

NTB har spurt regjeringa om dei vil leggje pils i parken på is no som fagmiljøa har konkludert imot det, og om dei er skuffa over anbefalingane.

– Vi har nettopp teke imot utgreiinga og må få setje oss inn i ho før vi kan komme tilbake til når regjeringa vil leggje fram forslaget sitt. I alle alkoholpolitiske saker skal ulike omsyn vegast opp mot kvarandre, og det tek vi på alvor. Vi har vore opptekne av å gjere desse endringane på ein skikkeleg måte, seier statssekretær Usman Ahmad Mushtaq (Ap) i Helse- og omsorgsdepartementet.

Trass motstand frå KrF og fagleg hald er det gode moglegheiter for at ei oppmjuking kan få fleirtal i Stortinget.

Høgre, Venstre og MDG har lenge teke til orde for ei ordning der kommunane får ansvar for å regulere område der ein kan drikke alkohol. Dei tre partia røysta for då spørsmålet sist var oppe i Stortinget i fjor vår, men fekk ikkje fleirtal.

Dersom Ap og Frp – eller berre Ap – går inn for ei slik ordning i dag, vil det likevel få fleirtal. Frp vil i utgangspunktet fjerne heile forbodet mot å drikke alkohol offentleg.