AURORA slepper låt til tidenes dyraste tv-serie

Den norske artisten er aktuell med ein Iåt i den tredje sesongen av storserien Maktens ringer.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Eg har elska Tolkien-universet sidan eg las bøkene hans som barn. Ringenes herre har vore ein så stor del av livet mitt. Det er ei stor ære å vere ein del av denne eldgamle historia. Å kunne belyse det gode bak alt vondt, og det vonde bak alt godt, uttalar Aurora Aksnes i ei pressemelding frå Universal Music Norge.

11. november kom tredje sesong av Ringenes herre: Maktens ringer ut på Prime Video. I denne sesongen av verdas dyraste serie kan du høyre ei kjent stemme frå Noreg.

«Ringenes herre: Maktens ringer»

  • Originaltittel: «The Lord of the Rings: The Rings of Power»
  • Ein fantasy-serie basert på J.R.R. Tolkien sine historier frå Midgard. Handlinga finn stad i det andre tidevervet, fleire tusen år før hendingane i Hobbiten- og Ringenes herre-filmane.
  • Nokre av seriens mest sentrale karakterar er alven Galadriel og antagonisten Sauron.
  • Serien er utvikla av J.D. Payne og Patrick McKay for Amazon Prime Video.
  • Serien er kjent som den dyraste serien som er laga nokosinne.
  • Serien har så langt tre sesongar.

 

Aurora har skrive låten «Morning shall come» i samarbeid med komponisten Bear McCreary.

Låten tar for seg kjærleikshistoria til alvane Galadriel og Celeborn, spelt av Morfydd Clark og Jamie Campbell Bower.

– Då eg tenkte på den slags kjensledjupne, var stemma di den første eg tenkte på, seier komponist McCreary til Aurora i ein snutt frå Prime Video.

Aurora avslører at Galadriel er ein av favorittane hennar frå Ringenes herre-universet.

Artisten fortel at ho var heime i Noreg i sin eigen versjon av Kløvendal, då ho fekk ei tekstmelding og ein låtdemo frå komponisten.

– Bear og eg klekte ein plan for å skape noko som viste dualiteten som bur inni oss alle. Mørkt og lyst. Mjukt og hardt. Å kunne jobbe saman med så mange vakre instrument og spele ut frå Bears visjon, var verkeleg ei ære og ei glede, seier Aurora ifølgje Billboard.