Sju dagar til historisk spel: Toler det norske nettet GTA6?
19. november set millionar av menneske verda over i gang med eit dataspel dei har gledd seg til i 13 år: «Grand Theft Auto VI».
Allereie tysdag vart det mogleg å laste ned spelet for konsollbrukarar, men først 19. november kan det spelast. Det blir ei storhending som amerikanske medium har spådd kjem til å koste økonomien i landet rundt ein milliard dollar om dagen.
Spørsmålet om alle nedlastingane kan gå utover internettrafikken har også vorte stilt. I motsetning til tidlegare variantar, kan Grand Theft Auto VI – eller GTA6, om du vil – berre bli lasta ned, og med ein filstorleik på 212 gigabyte (GB) kjem det til å ta opp mykje bandbreidd.
Stor auke i nettrafikk
Nettleverandøren Globalconnects driftsdirektør Jakob Dirksen seier til det danske nyheitsbyrået Ritzau at kvar enkelt nedlasting svarer til 50-100 timar med strøyming av TV-seriar, musikk eller film.
– Vi er førebudde på at lanseringa av Grand Theft Auto 6 kan gi ein stor auke i datatrafikken. Nettet til Telenor er dimensjonert for å handtere store variasjonar og trafikktoppar, seier informasjonssjef Vetle Andersen i Telenor.
Fasit då spelet vart tilgjengeleg for nedlasting her til lands var ein 40 prosent auke i nettrafikken mot normalen mellom klokka 4 og 6 tysdag morgon, ifølgje Andersen.
Satire og avreagering
Etter over 20 år i sentrum av populærkulturen kjenner dei fleste til det grunnleggjande prinsippet bak GTA-serien: Ei stor, open verd der spelarane har stor handlefridom og kan skape store mengder kaos, eller utføre oppdrag slik at historia kan gå føre seg. Denne gongen speler ein «Bonnie and Clyde»-paret Lucia og Jason som prøver å overleve i Vice City, eit kamuflert Miami.
Blant den enormt kontroversielle valden og kriminaliteten i spelet, finn ein også ein skarp satire av det amerikanske samfunnet og sjølve kapitalismen.
– Spelskaparane har alltid måtta finne den vanskelege balansen mellom å rekke langfingeren til det etablerte og å inkludere det breie fleirtalet av brukarane – som i hovudsak er der for å avreagere, seier speljournalisten Chris Klippel til nyheitsbyrået AFP.
Det har ikkje vorte lettare med eit amerikansk samfunn som i seg sjølv blir stadig meir polarisert. GTA VI må handtere Trump-æraen, framveksten av sosiale medium, og mykje meir for første gong.
Spelet som lét deg bli skurk
GTA-eventyret byrja i skotske Dundee på 1990-talet. Omringa av sosiale problem og betong byrja ein spelbransje gradvis å gro fram. Selskapet DMA Design heldt på å utvikle eit spel der ein skulle vere politi som reiste rundt i byen og fanga tjuvar – alt saman sett ovanfrå, skriv det svenske nyheitsbyrået TT.
Det var tekniske problem med spelet. Blant dei var dårleg oppførsel hos politiet, som vart direkte aggressive mot spelaren. Speltestarane syntest likevel dette var gøy, skriv magasinet Gamedeveloper. Så gjekk det eit lys opp for utviklarane: Kva om ein snudde det heile på hovudet? At ein var skurk i staden for politi? Namnet vart teke frå eit amerikansk juridisk omgrep: Grand Theft Auto, som kan omsettast til «grovt biltyveri» på norsk.
Første variant av spelet vart lansert i 1997, og britiske politikarar vart i all stille tipsa om den oppsiktsvekkjande varianten. Det gjekk heilt etter planen: politikarane rasa, og gav «GTA» mykje publisitet så spelet flaug til toppen av salslistene. Året etter kom GTA2.
Open verda og film
Så vart DMA kjøpt opp av amerikanske Take Two, som la det inn under det nye dotterselskapet Rockstar Games. Rockstar-brørne Dan og Sam Houser tok over leiinga av den kreative prosessen, flytta DMA til Edinburgh, og byrja å jobbe med spelet som tok serien til neste nivå: Grand Theft Auto 3.
GTA3 vart ein gigantisk suksess. I Liberty City, eit lett kamuflert New York, kunne ein for første gong sjå det heile frå gateperspektiv. Spelet fekk ei historie, med filmatiske sekvensar, og spelarane kunne vere med på frivillige sideoppdrag, eller berre utforske byen. Fridomskjensla – «den opne verda», som det vert kalla på spelspråket – var fødd.
Same resept vart brukt – med gradvis meir avanserte historier og speleigenskapar – i «Vice City» i 2002 og «San Andreas» i 2004. Desse gjekk føre seg i høvesvis 1980-talets Miami og 1990-talets California.
Politikarar ville forby
Kontroversane følgde med i kvart spel i serien. GTA3 vart faktisk heilt forbode i Australia, og den enorme moglegheita for vald førte til at linjene vart trekte til skuleskytingar og terrorisme.
Første tilfelle av at «Grand Theft Auto» vart nemnt av NTB her i Noreg var i januar 2002 – då barne- og familieminister Laila Dåvøy (KrF) opna for å gjere som australiarane og forby spelet heilt. Framstillinga av kvinner og minoritetar og den ofte brutale humoren Rockstar bruker i spela har vore særleg kontroversiell.
Onlinespeling
Det sosialrealistiske «Grand Theft Auto IV» i 2008 førte spelet vidare med den serbiske innvandraren Niko Bellic som hovudperson i Liberty City. Grand Theft Auto V i 2013 skapte ei gigantisk spelverd: Eit kart som strekte seg over nesten 80 kvadratkilometer, tre hovudpersonar, og eit enormt fokus på onlinespeling. Verda i GTA VI blir endå større.
GTA V selde for over 1 milliard dollar på tre dagar. Millionar speler framleis GTA V på nett den dag i dag. At oppfølgjaren ligg an til å bli ei historisk spelhending er derfor inga overrasking – og at salet allereie er vilt.
– GTA VI er eit kulturfenomen. Det er svært sjeldan vi ser eit spel skape så mykje merksemd over så lang tid, og interessa vi ser no gjenspeglar forventningane som har bygd seg opp gjennom fleire år, seier kommunikasjonsrådgivar Joachim Christian Barth i Elkjøp til Gamer.no.
Sistnemnde side har elles også laga ein eigen artikkel med svar på kva ein har rett på og kva ein bør unngå når det gjeld å ta fri for lanseringa.











