Målpris til Nyland

Noregs Mållag heidrar landslagsmålvakt Ørjan Håskjold Nyland med Målblome-prisen for å ha gjort ein god innsats for nynorsk og dialektane.

NPK-NTB
Publisert

– Slik Nyland vakta målet i VM-kampen mot Brasil, slik vaktar han også målet når han viser alle følgjarane sine at den beste målmannen i landet sjølvsagt kan vere ein framifrå målmann, seier leiar Peder Lofnes Hauge i Noregs Mållag i ei pressemelding.

Han trekkjer fram Ørjan Håskjold Nyland som heile Noregs helt då det norske landslaget vann mot Brasil i sommar-VM i USA, Mexico og Canada.

– Ørjan Håskjold Nyland er verkeleg ein helt for mange, og det å vere eit språkleg førebilete for unge gutar og jenter som treng å bli trygge i språket sitt, det fortener all heider, seier Lofnes Hauge.

Noregs Mållag peikar på at målvakta har skrive innlegg i sosiale medium på nynorsk og at han har skrive ei bok for barn på nynorsk.

– Eg voks jo opp i Volda, så nynorsk har alltid vore ein naturleg del av kvardagen min. Det er jo måten eg snakkar på til vanleg, same kvar eg er. Det er noko eg absolutt har prøvd å halde ved like, og noko eg alltid gler meg til å bruke, seier Nyland i pressemeldinga.

I fjor fekk influensar Sophie Elise prisen.