Nordmenn flest ferierer i Noreg
Sju av ti nordmenn planlegg å bruke heile eller delar av sommarferien i innanlands.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det viser ei undersøking som Sentio har utført for Nationen.
Like mange gav det same svaret i fjor sommar. Undersøkinga viser også at fleirtalet vil bruke like mykje eller meir pengar på ferien i år enn i fjor.
LES OGSÅ: Leiger ut hyttedraumen
Det er særleg folk over 60 år som ivrar for ferie i sitt eige heimland. 59 prosent av dei over 60 år seier dei ferierer i Noreg i sommar. Folk på landsbygda vel i større grad sitt eige heimland, medan Oslo-folk i minst grad planlegg ferie i Noreg.
NHO Reiselivs administrerande direktør Kristin Krohn Devold synest tala i undersøkinga er gledelege. Ho trur den høge delen nordmenn som vil feriere i sitt eige land blant anna kan kjem av draghjelp frå utlandet.
– Svært positive omtaler i utanlandske medium og Lonely Planet, i tillegg til ønsket om å vere i aktivitet og bruke ferien til opplevingar, gjer at nordmenn har fått opp auga for Noreg som ferieland, seier Devold til Nationen.
Det høyrer også med i bildet at mange har tilgang på hytte, enten si eiga eller via andre, noko som også bidrar til at mange ferierer i Noreg. Det opplyser forskingsleiar Elling Borgeraas ved Statens institutt for forbruksforsking. NHO Reiseliv har utført tilsvarande undersøkingar som også viser dette. Men sjølv hyttefolk legg igjen pengar ved å nytte aktivitetstilbod i områda dei oppheld seg, påpeiker Devold. (©NPK)
LES OGSÅ: Gjev bort veke på hytteidyll