Les talen til FN-sjefen: – Fossilt brensel må få same skjebne som dinosaurane

«Strategien til fossillobbyen er enkel: Forvreng vitskapen. Utsett politikken. Utsett handlinga. Utsett ansvarleggjeringa,» sa FNs generalsekretær då han tala til klimatoppmøtet onsdag.

Framtida
Publisert

Antonio Guterres, generalsekretær i FN, tala til klimatoppmøtet i Antalya i Tyrkia onsdag. Talen er omsett til nynorsk av Framtida-redaksjonen.

 

Vår første klimaplikt er å seie sanninga.

Den brutale sanninga er at klimakrisa spring frå oss.

Utslepp i 2025 nådde rekordhøge nivå.

Varmerekordar vert stadig knuste. Dei siste fire åra var dei varmaste nokosinne.

Og interessene til fossilt brensel held fram med å knekke koden … medan dei tar knekken på kloden.

Klimakatastrofar smadrar liv, levebrød og økonomiar over heile jorda.

Dette er vegen til garantert gjensidig øydelegging.

 

For elleve år sidan lova verda i Paris å avgrense global temperaturvekst til 1,5 grader.

Vitskapen fortel oss at ei overskriding av det nivået, no er uunngåeleg.

Men vitskapen seier ikkje at vi skal overgi oss. Han ber oss om å kjempe hardare.

Sanninga er at vi har makta til å bestemme kor høgt, kor langt og kor øydeleggande den overskridinga skal bli.

Vi har makta til å sikre at overskridinga er eit midlertidig brot, ikkje ein permanent dom.

Men det krev leiarskap.

Vi kjenner sanninga.

No må vi handle etter henne.

For klimahandling er meir enn ein kamp om tal på eit termometer.

Vi står i kampen for liva våre og framtida til borna våre.

 

Dykkar eksellensar,

Eg vil dele tre lærdommar frå det førre tiåret som må leie tiåret vi har framfor oss.

Lærdom éin:

Eksponentiell forandring er mogleg.

For ti år sidan genererte solenergi éin prosent av verdas elektrisitet.

I fjor stetta solenergi åleine nesten tre firedelar av veksten i global energietterspurnad.

For ti år sidan var éin av hundre selde bilar elektrisk.

I år ligg talet an til å bli nesten éin av tre.

Rein energi er no den billigaste kjelda til ny elektrisitet over mesteparten av verda.

Og det går framover – sjølv der den politiske motvinden er sterkast.

 

Det tar oss til lærdom nummer to:

Argumentet for fossilt brensel kollapsar.

Tre firedelar av menneskeslekta bur i land som importerer fossilt brensel.

Dei er tekne til gissel av prissjokk som dei ikkje har forårsaka, og som dei ikkje kan kontrollere.

Nylege konfliktar synleggjer at dette er ei oppskrift for kronisk uvisse og eit samanbrot for levekostnader.

Det er på tide å akselerere ein vitskapsbasert, velordna og rettferdig overgang til fornybar energi.

Men lat oss ikkje undervurdere kor stor utfordringa vi står overfor, er.

Fossilt brensel må få same skjebne som dinosaurane.

Men det vil ikkje skje av seg sjølv.

Dinosaurane hadde ikkje ein lobby.

Men det har fossilt brensel.

Og strategien deira er enkel:

Forvreng vitskapen. Utsett politikken. Utsett handlinga. Utsett ansvarleggjeringa.

Det er på tide å kvitte seg med uvanen – og sette ein stoppar for avhengnaden av fossilt brensel.

 

Den tredje lærdommen er den vondaste:

Verda beveger seg altfor sakte.

Globale utslepp må falle rundt seks prosent kvart år.

Dagens nasjonale planar – inkludert vilkårsbundne planar – leverer i beste fall ein tredel av det.

Og enn om dei blir fullt implementerte, vil verda stige over 2,5 grader ved utgangen av dette århundret, og krysse farlege og irreversible vendepunkt langs vegen.

Vi treng ein ekstraordinær akselerasjon.

Planeten vår varmast opp. Klokka tikkar ned.

Vi må velje mellom å handle eller bli bakte.

Så, dykkar eksellensar, vi må bevege oss fortare.

Klimarettferd er den definerande utfordringa for det neste tiåret.

Vi kan ikkje krevje at land transformerer økonomiane sine medan vi nektar dei midlane til å gjere det.

Økonomiar i vekst og utvikling utanfor Kina er heim til nesten to tredelar av menneskeslekta, men mindre enn ein femdel av globale investeringar i rein energi skjer der.

Dei fleste betalar to til tre gongar meir for å låne.

Viss dei ikkje får tilgang på rimeleg rein energi, vil fossilt brensel fylle gapet – og låse inn utslepp for tiår framover.

Og viss sårbare samfunn ikkje kan tilpasse seg, vil ustabilitet spreie seg over landegrenser.

Vi treng vi treng ei ny klimarettferdspakt – basert på felles ansvar, felles tryggleik og felles fordelar.

Prinsippet om felles men differensiert ansvar må gjelde – og alle land må trekke sitt lass.

Utvikla land må kutte utslepp raskare – og levere pengane og teknologien dei har lova.

Framveksande økonomiar må akselerere skiftet frå fossilt brensel til fornybart.

Og utviklingsland må motta massiv støtte til å tilpasse seg.

 

Ei klimarettferdspakt kviler på fire søyler.

For det første, ein rettvis og rask overgang vekk frå fossilt brensel.

Leiarar – og særleg dei frå utvikla land – kan ikkje halde fram med å utvide produksjonen av fossilt brensel og framleis påstå at dei er forplikta til 1,5 grader.

Den nylege rapporten om utsleppsgapet frå UNEP er tydeleg:

Innan 2035 må den globale kapasiteten for fornybar energi minst tredoblast frå 2025-nivået, medan kolkraft utan utsleppsreduksjon må reduserast med minst 75 prosent.

Innan 2040 må kolkraft utan utsleppsreduksjon vere så godt som fasa ut – og bruken av olje og gass kuttast med rundt ein tredel.

Kvar styresmakt må tilpasse politikken, investeringane og infrastrukturplanar deretter.

Det byrjar med truverdige nasjonale vegkart for å omstille seg vekk frå fossilt brensel – som beskyttar arbeidarane og samfunna som vert påverka.

Det betyr ingen ny kull.

Ingen ny olje- og gassinfrastruktur som set 1,5 grader lengre utanfor rekkevidd.

Kutt i metanutslepp.

Utviding av fornybar energi, energinett, lagring og rein elektrifisering i skotfart.

Vern av skogar, hav og biologisk mangfald.

Vi har eit val: Anten planlegge denne rettvise overgangen – eller betale for det med kaos og tap i levekår.

 

For det andre må vi beskytte menneske.

Når temperaturen stig, er tilpassing eit spørsmål om overleving.

Ei overskriding over 1,5 grader krev ei transformativ tilnærming til tilpassing – og krev ein ny generasjon av nasjonale planar for tilpassing der det internasjonale samfunnet støttar utviklingsland.

Kvart menneske på Jorda må vere dekt av eit system for tidleg varsling – og kvart samfunn må beskyttast mot flaum, tørke og havstiging.

Når tilpassing når grensene sine, må støtte for tap og skade vere rask og tilgjengeleg.

 

For det tredje må finansiering vere tilstrekkeleg, rimeleg og lett tilgjengeleg.

Utvikla land må leie an og levere minst 300 milliardar dollar i året innan 2035 – og sette i verk konkrete planar med klare milepælar for å minst tredoble tilpassingsmidlar innan då.

Målet om 1,3 billionar dollar må bli til ekte midlar som flyt frå utvikla land, og dette krev at kvar finanskjelde trekker vekta si.

Multilaterale utviklingsbankar må strekke seg lenger enn Baku-forpliktinga om 120 milliardar dollar årleg innan 2030.

Aksjonærar må styrke dei til å låne ut meir.

Mobiliser meir privat investering.

Ta større risiko.

Og utplasser fleire innovative verktøy for å kunne møte behova og omstenda til sårbare utviklingsland betre.

Donorar må sikre meiningsfull og ambisiøs etterfylling av FNs grøne klimafond og fondet for tap og skade.

Private investorar må også støtte overgangen i utviklingsland.

Sør–sør-samarbeid må i større grad bidra til å utvide tilgangen på teknologi og finans.

Og dei som profitterer mest på fossilt brensel, må hjelpe til med å ta rekninga for skaden dei har forårsaka.

I det siste kvartalet åleine har dei ni største oljeselskapa putta 95 milliardar dollar i profitt rett i lomma.

Samstundes har fondet for tap og skade motteke rundt 600 millionar dollar.

Det er det desse selskapa tente på om lag 14 timar.

Det er på tide at styresmakter skattlegg desse uventa store fortenestene – og brukar dei til å hjelpe sårbare land med å komme seg.

Forureinarar må betale.

 

For det fjerde må vi velje samarbeid framfor fragmentering.

Ei verd som er splitta av handelsbarrierar, teknologimonopol og geopolitisk rivalisering, tyder ein overgang som kostar meir, tar lengre tid og etterlèt seg milliardar av folk.

Vi treng ikkje at land einast om alt.

Men vi treng at dei samarbeider om ting som ingen land kan løyse åleine.

Og sjølve klimaprosessen må utviklast.

Forhandlingar betyr noko – men suksess må bli målt ved grasrota.

Implementering er essensielt.

Over heile FN samlar vi land og partnarar kring energinett, kritiske mineral, metan og tidleg varsling, og gjennom vårt klimaløfte.

Dette må bli modellen.

 

Dykkar eksellensar,

Historia har gitt oss eit merkverdig høve til å bygge reinare økonomiar.

Meir rettvise samfunn.

Og ei tryggare verd.

Dette er ein klimaagenda.

Ein agenda for berekraftig utvikling, fred og tryggleik.

Og ein agenda for menneskeleg verdigheit.

Dykkar eksellensar,

Eg vil avslutte med ein beskjed til alle i førstelina av klimahandling.

Unge folk.

Vitskapsfolk.

Urfolk.

Sivilsamfunn.

Små øynasjonar under utvikling.

De utgjer samvitet til denne kampen.

Og de har stått opp mot nokre av dei sterkaste og rikaste særinteressene i verda vår i dag.

Men der andre berre såg hinder, såg de moglegheiter.

Når andre aksepterte utsettingar, kravde de akselerasjon.

Når andre såg vekk, fortalde de sanninga.

Dykkar eksellensar,

Og kjære vener,

Frå neste år av vil eg ikkje lenger vere generalsekretær.

Men de kan stole på dette:

Eg vil ikkje slutte med å seie sanninga.

Og eg vil ikkje slutte med å kjempe for henne.

Eg vil stå side om side ved dykk.

Som ein talsmann og ein alliert.

Lat oss saman fortsette med å seie sanninga om klimakrisa.

Lat oss krevje handlinga som sanninga krev.

Og lat oss fortsette å kjempe for den berekraftige framtida vi veit er i våre hender.

Eg vil gå med dykk kvart steg på vegen.