Google skrur av kunstig intelligens for skuleelevar som standard
Google skrur av KI-verktøy som standard på skulekontoane til elevar. Men skulane kan ikkje velje bort KI aleine: Vil dei fjerne KI, forsvinn også Google-søk, skriv New York Times.
Ifølgje selskapet skal dei nye innstillingane rullast ut over heile verda, med oppstart i USA.
Teknologigiganten dominerer i dag klasserom over heile den vestlege verda. Både Googles utdanningsplattform Google Workspace for Education og dei rimelege Chromebook-maskinene er standardutstyr for millionar av elevar.
I eit blogginnlegg opplyser selskapet at verktøy som Gemini og søkjemotoren Google Search frå no av vil vere deaktiverte som standardinnstilling for elevkontoane til skulane. Skuleleiinga må heretter aktivt skru dei på sjølv.
Endringane stiller likevel skuleeigarane overfor eit vanskeleg val. Skulane får ikkje høve til å la elevane behalde Google som ein tradisjonell søkjemotor og samtidig skru av dei nye KI-svara.
Ifølgje Google er søkjemotoren og den kunstige intelligensen no så tett samanvoven at dei ikkje kan skiljast frå kvarandre. Dersom ein skuleleiar ønskjer å skjerme elevane frå KI på skulenettverket, må skulen stengje tilgangen til Google Søk fullstendig.
– Søk og kunstig intelligens er djupt integrert, seier Chris Phillips, direktør for utdanning i Google, til The New York Times.






