Jonas, kvifor må vi ta den same kampen igjen?
Vi ønsker ein folkehøgskule for alle, der økonomi ikkje skal spele ei rolle, skriv Mathias og Atiya, elevar ved Ringerike Folkehøgskole.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Regjeringa nedprioriterer ungdommen og demokratiet endå ein gong. No blir folkehøgskular tvinga til omkamp.
I det nye statsbudsjettet føreslår Arbeidarpartiet å kutte i stipendandelen til folkehøgskuleelevar frå 40 til 15 prosent. Ein elev som tek opp fullt lån, vil få ca. 40. 000 kr meir i studiegjeld.
For mange kan det vere forskjellen på om dei får råd til å søke eller ikkje.
Dagens urolege verd treng arenaer der unge kan møtast ansikt til ansikt og delta i eit fellesskap. Forslaget vil gjere nettopp dette mykje vanskelegare for søkarane som kjem etter oss.
Ein folkehøgskule for alle
Kvart år søker fleire tusen spente ungdommar på folkehøgskule, ein stad der dei kan finne ut kven dei er, delta i eit elevdemokrati og ikkje minst møte eit mangfald av menneske.
Folkehøgskulen er blitt ein arena for alle. Eit godt stipend- og lånetilbod gir alle søkarar same moglegheit. Nordmenn er trass alt «rike, fattige og midt i mellom», som vår tidlegare konge sa så fint.
Noreg bør derfor vere eit land der alle får plass til å blomstre, ikkje berre dei som har råd.
Vi ønsker ein folkehøgskule for alle, der økonomi ikkje skal spele ei rolle.
Sender rekninga til dei unge
Når regjeringa føreslår kutt i folkehøgskulen, seier dei ikkje berre nei til mangfald og deltaking for alle. Dei legg også den økonomiske byrda over på oss unge.
Om statsbudsjettet for 2027 held fram slik det er no, tolkar vi det som ei nedprioritering av framtida vår. No som forhandlingane om statsbudsjettet er i gang, håper vi at regjeringa satsar på oss unge og prioriterer folkehøgskulane. Ifølge SSB har det nemleg vore ein auke i økonomiske vanskar mellom unge studentar dei siste åra.
Det er forståeleg at ein må gjere ulike kutt i statsbudsjettet, men skal vi verkeleg sende rekninga til landets 19- og 20-åringar?
Kampen fortset
Heldigvis er det ikkje slik i dag.
40 prosent av lånet vårt blir framleis gjort om til stipend. Dette kan vi berre takke dei som tok kampen for oss i fjor for. Då same kuttforslag kom hausten 2025, signerte 37 000 under på ein kampanje mot regjeringas forslag. Regjeringa lytta til elevane og forstod kor viktig folkehøgskulen er for det norske samfunnet.
Derfor følast det som eit slag i trynet når dei vil skrote bort alt det harde arbeidet.
At forslaget blir teke opp igjen i år, kjennest absurd og respektlaust, det vart jo så tydeleg kva folket kjempa for i fjor!
Kva skal til for at regjeringa tar ungdommen seriøst?
Folkehøgskule er demokrati i praksis
På folkehøgskule får ein deltatt i eit heilt unikt fellesskap.
I løpet av dei få månadene vi har gått på Ringerike Folkehøgskole har vi opplevd eit utruleg elevdemokrati. Vi har erfart at stemma vår har ei reell betydning.
I Arbeidarpartiets partiprogram skriv dei at dei vil «styrke arbeidet med demokratisk medborgerskap, demokrati og menneskerettigheter, særlig knyttet til demokratiopplæring i skolen».
Ved å kutte i midla som utviklar demokratiet, mister Arbeidarpartiet truverd i løfta deira.
Jonas, Gahr det bra?
Vi unge er skuffa over at Arbeidarpartiet ikkje vil satse på framtida vår.
Dette spesielt når Støre tidlegare har sagt at folkehøgskulane styrker demokratiet « … gjennom deltakelse i fellesskap», og at når « … tidligere folkehøgskuleelevar senere blir innbyggere i lokalsamfunn, har de med seg erfaringar som bygger opp under det å stille opp for andre …».
Då blir det dobbeltmoralsk – for skal ikkje alle i Noreg få moglegheit til å utvikle seg til gode, demokratiske medborgarar?
Unge er demokratisk fråkopla
Med ei aukande polarisering, framvekst av høgreekstremisme og krig som rammar store delar av verda, blir kampen for demokratiet vårt endå viktigare.
Ein ny rapport frå Kunnskapsdepartementet viser at ein av fire VG2- elevar er demokratisk fråkopla. At unge er robuste og førebudd på å takle denne uroa, blir derfor meir aktuelt.
Det er trass alt vi som skal styre verda framover, og då må vi vite korleis demokratiet fungerer i praksis. Vi krev at regjeringa prioriterer folkehøgskulen i budsjettforhandlingane. Når vi styrker folkehøgskulane, styrker vi unge og dermed demokratiets framtid.
Jonas, i fjor leverte vi 37 000 underskrifter i protest til Stortinget. I år har allereie nesten 35 000 misnøgde gjort det same.
Har vi ikkje sagt tydeleg nok ifrå?






