Studentrørsla som vann parlamentsval: – Me er ikkje redde lenger

Studentrørsla i Serbia har etter to år med mobilisering klart å vinne fleirtal i parlamentet. Men den vanskelegaste oppgåva har dei enno føre seg, meiner statsvitar.

Mia Huse
Publisert

– Eg sprang ut og sa at me hadde vunne, og at Serbia endeleg var fritt, skriv Branislava Pejović (21) til Framtida på e-post.

Ho jobbar i den serbiske rørsla Student List, som nyleg vann parlamentsvalet i landet.

– All vekta blei løfta av skuldra mine. Eg byrja å gråte. Alle klemte kvarandre, og det var ei overveldande kjensle av kjærleik.

Det var jubel i Beograds gater. Pejović beskriv dagar med eufori og fellesskapskjensle etter valsigeren 25. oktober.

– Frykt var noko framand for oss. Me er ikkje redde lenger.

– Eg har aldri vore stoltare av generasjonen min, og dessutan alle menneska som kjempa saman med oss. Det har gått nesten to år, og eitkvart sekund har vore verdt det.

Branislava Pejović (21) studerer norsk ved universitetet i Beograd og har vore sentral i studentrørsla sidan dei byrja å mobilisere for to år sidan. Foto: Privat

Ekstraordinært

For to år sidan kollapsa taket på ein togstasjon i den serbiske byen Novi Sad. 16 personar døydde.

– Det blei ein vekker for veldig mange ungdommar, seier professor i statsvitskap Dan Banik til Framtida på telefon.

Han jobbar ved Senter for global berekraft ved Universitetet i Oslo, og kjenner mange i den serbiske studentrørsla gjennom akademiske samarbeid.

Kollapsen på togstasjonen og dei medfølgjande dødsfalla førte til eit nasjonalt sinne.

Studentane demonstrerte mot myndigheitene to år.

– Dei heldt fredelege demonstrasjonar, okkuperte universitetsbygningar, og klarte etter kvart å mobilisere resten av befolkninga.

No har dei klart å vinne 141 av 250 seter i det serbiske parlamentet.

Det er ikkje studentar som held parlamentsseta, men vaksne tilslutta rørsla som er valt av studentane.

Dan Banik er professor i statsvitskap og tilsett ved Senter for global bærekraft ved Universitetet i Oslo. Foto: Universitetet i Oslo

Studentane klarte noko ganske ekstraordinært, ifølgje Banik.

– Heile 70 prosent røysta. Folk ville ha endring, og studentane hadde eit veldig klart mandat.

Ikkje over

Dei to åra med mobilisering har kjenst ut som ei æve for Pejović.

– Rørsla blei livet mitt etter kvart. Eg slutta å møte vener som ikkje var i rørsla, og mot slutten kunne det gå fleire veker utan at eg rakk å sjå mora mi.

Ho sakna livet ho hadde og personen ho var før rørsla byrja.

– Men eg har skjønt at eg aldri kjem til å vere den same. Dette er ikkje over.

Valsigeren beskriv Pejović som fyrste steg mot eit land med rettssikkerheit og demokrati.

– Men eg trur også rørsla vår har oppnådd noko meir. Me har opna auga til folk. Dei byrjar å forstå at politikk ikkje er noko fjernt frå kvardagane deira, men noko me alle er påverka av og alle er med på å påverke.

Nyare serbisk historie

Serbia var ein del av den kommunistiske eittpartistaten Jugoslavia frå 1945 til 1991.

Bosnia-Hercegovina, Kroatia, Makedonia og Slovenia lausreiv seg i 91, noko som resulterte i krig mellom Serbia og Montenegro og dei andre statane.

Det blei også blodig konflikt i Kosovo då den serbiske provinsen ynskja å bli sjølvstendig.

Serbia har vore ein sjølvstendig republikk sidan 2006, då også Montenegro lausreiv seg frå landet.

Statsoverhovudet er ein president som blir valt direkte kvart femte år.

Nasjonalforsamlinga, med 250 seter, vel saman med presidenten ein statsminister og regjering.

Serbia har dei siste åra gått bakover på rettssikkerheit, menneskerettar, ytringsfridom og pressefridom.

Ifølgje FN er landet gjennomsyrt av korrupsjon og kriminalitet.

Landet har kandidatstatus i EU, men må betre forholdet sitt til Kosovo for å kvalifisere seg til medlemskap. Banda til Russland har også skapt problem for medlemskapet.

Aleksandar Vučić var landets statsminister frå 2014 til 2017 og president frå 2017 til no. Han er frå det serbiske progressive partiet (SNS).

Ved valet i 2020 stilte ingen opposisjonsparti, og landet har utvikla seg i høgrepopulistisk retning sidan.

Kjelde: FN og Store Norske Leksikon

Moralsk autoritet

– Korleis fekk studentane til dette her?

– Det er det som er fascinerande.

Banik seier at studentane framstod truverdige, at dei kravde rettferd, openheit og ansvar, og at dei var fredelege.

– Rørsla fekk ein slags moralsk autoritet.

Dei hadde heller ikkje nokon leiar. Det gjorde det vanskeleg for myndigheitene å peike ut og straffeforfølge enkeltpersonar.

– Alle avgjerdene blei tatt i demokratiske studentforsamlingar.

Studentane hadde korkje pengar eller politisk erfaring.

– Dei hadde moralsk autoritet og kompetanse på sosiale medium. Det kostar ikkje så mykje å mobilisere der.

Banik fortel at rørsla var populær, og dermed fekk mykje støtte i form av mat og gåver frå vanlege folk.

Unge serbarar feira i gatene då den sittande presidenten Aleksandar Vucic erkjente nederlag 26. oktober. Foto: AP Photo/Armin Durgut

Pejović trekker også fram at dei har hatt ein spesielt lang valkamp, fordi den ifølgje ho byrja då dei byrja å demonstrere for to år sidan.

Ho seier dei reiste rundt og lytta til folk, noko som gjorde at det gjekk opp for folk at dei vil bu i eit land med rettssikkerheit og demokrati.

– Me kjempa for noko Serbia burde ha hatt for lenge sidan: Ein fri, demokratisk stat styrt av rettsstatlege prinsipp.

Vanskelegaste gjenstår

Forskinga viser at mange rørsler som den serbiske klarar å bli kvitt upopulære leiarar, men slit når dei sjølv tar over makta, fortel Banik.

– Den vanskelegaste oppgåva gjenstår. Dei må klare å omsetje politisk seier til varige demokratiske reformer.

Han meiner at rørsla har vore lur ved å ikkje love for mykje.

– Dei har lova å få vekk korrupsjon, ansvarleggjere tidlegare politikarar og ikkje gi store statlege kontraktar til venene sine, som dei førre som hadde makta.

Samstundes er det folk for det meste utan politisk erfaring som sit i parlamentet, og dei har enda ikkje valt statsministerkandidat.

– Det gjenstår å sjå korleis dei skal regjere og korleis den nye kvardagen blir.

Kva vil dei?

– Me beskriv ikkje rørsla vår som eit politisk parti, skriv Pejović.

Nettopp derfor meiner ho at den politiske retninga til rørsla deira ikkje passar inn i eksisterande politiske kategoriar.

– Målet vårt er å ta tak i utfordringane landet vårt står overfor, fjerne korrupsjon, rette feila til dei som hadde makta før, og jobbe mot normaltilstand.

Fyrst når dei har klart det, vil studentlista ta stilling til kva for ideologi dei har og posisjonere seg på det politiske spekteret.

Rørsla hadde kandidatar frå alle valdistrikta på lista si. Ingen av dei var studentar, men dei hadde heller ikkje noka særleg politisk erfaring.

På spørsmål om korleis rørsla skal klare å styre, svarer Pejović at dei fleste som sit i parlamentet, har høg utdanning, og at ho trur dei ikkje vil få store problem med å styre landet.

– I tillegg har me støtte frå ei rekke fagfelt med ekspertkunnskap og erfaring som kan hjelpe oss med vegen vidare.

Dei jobbar altså ikkje aleine.

– Me har eit stort nettverk med ekspertar, professorar og akademikarar som bidrar til utviklinga av vår politiske plattform og implementeringa av alt me har oppnådd så langt.

Demokratisk kultur

Banik har sterk tru på at rørsla kjem til å klare å regjere.

– Det er masse sånne rørsler akkurat no. Eg har et stort håp, og eg håper dei klarer å skape endring.

Studentane har vist at dei er opptatt av å slåst for det som er riktig og rettferdig, meiner Banik.

– Dei gav ei røyst til befolkninga. Det var imponerande.

Han trur studentane har sørgt for eit vegskilje i det serbiske demokratiet.

– Dei siste åra har det vore kultur for at politikarar kan kome unna med det meste. No har dei klart å etablere ein demokratisk kultur, der ingen føler at dei er over loven.

 

Les meir om andre ungdomsopprør i Europa her: