«Kor det er blitt av debattspaltene for ungdom?»
Dei store media burde ta ansvar for å lage eit trygt offentleg rom å ytre seg i, skriv Sofie Sinnes (20).
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett til nynorsk av redaksjonen.
Ytringsfridomen blir truga, og folk, særleg unge, er redde for å ytre seg i den offentlege debatten. Fram til 2024 tilbydde både Aftenposten og Dagsavisen ei eiga debattside for ungdom. I 2025 la VG ned si «Unge meninger»-side. Det verkar som ein trend blant dei store mediehusa å legge ned debattsidene for ungdom.
Eg lurar på kor det er blitt av debattspaltene for ungdom, og om dei tradisjonelle avisene har eit særleg ansvar for å gi unge eit rom i den offentlege debatten.
Aftenposten grunngav i 2024 avgjerda med at brukarvanane til unge har endra seg og at Aftenposten derfor er nøydde til å vere til stades på dei plattformene der de unge faktisk er. Det er vel og bra at Aftenposten vil halde seg oppdatert på unges brukarvanar. Likevel stussar eg på kva Aftenposten legg i «endra brukarvanar».
Aftenposten har i dag eit eige TikTok-team retta mot unge. Unge er på TikTok, og sjølv følger eg med på videoinnhaldet Aftenposten lagar. Nyheitene kjem der eg og vennane mine får nyheiter, og det er blitt mykje lettare å halde seg oppdatert. Men det verkar som om spaltene for å gi unge ein sikker plass i den offentlege debatten har falle bort i Aftenpostens oppdatering.
Det er også mogleg at unge ikkje har rett til ei slik spalte, eller at dei ikkje burde forskjellsbehandlast i den offentlege debatten. Eg spurde sjefredaktør i Dagsavisen Lars West Johansen om kvifor dei ikkje lenger tilbyr ei slik spalte. Johansen påpeikte at unge framleis skriv til dei, og at han ikkje var glad i å kategorisere unge som om dei har andre meiningar som må behandlast spesielt.
Likebehandling av meiningar er eg einig i at er bra, men kan unge likebehandlast med vaksne i den offentlege debatten? Eller kanskje ungdom berre ikkje skriv avisinnlegg lenger?
Uansett kva som er grunnen til at ung debatt-sidene sakte men sikkert har forsvunne frå dei store mediehusa, har ikkje ungdom slutta å meine ting.
Eg synest dei store media burde ta ansvar for å lage eit trygt offentleg rom å ytre seg i, i ei verd der unge lett hamnar i eigne ekkokammer og er redde for å meine ting.
Eg trur dei tradisjonelle media har gode føresetnader for å skape nettopp det, og håper dei vil gjere noko med det.






