Lanserte Barnas klimarapport: – Barn får ikkje lære nok til å ha ei meining
Denne saka blei fyrst publisert i vår systeravis, Framtida Junior.
Berre 29 prosent av barn i Noreg trur at vi kan løyse klimakrisa. Endå færre, berre 6 prosent, opplever at dei blir lytta til i spørsmål om klima og miljø.
Det kjem fram i Barnas klima- og miljørapport som vart lansert torsdag 22. oktober.
Henrik (11) og Petra (13), som er medlemmar i Barnas klimapanel, meiner at desse tala kan bli høgare dersom barn får lære meir om kva dei kan gjere for klimaet.
– Vi må lære om det vi kan få til
Henrik meiner noko av grunnen til at mange barn ikkje trur klimakrisa kan løysast, er at dei får høyre mykje om alt som går gale.
– Det er betre å lære om det vi klarer og det vi faktisk kan gjere, seier han.
Han meiner barn treng meir kunnskap om klima og miljø, og samstundes ei positiv opplæring som viser at det går an å gjere ein forskjell.

Under lanseringa av Barnas klima- og miljørapport la Henrik fram punktet i rapporten som handlar om kor viktig det er å ta vare på dyra i naturen. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken
– Eg trur at grunnen til at mange barn tenkjer at vi ikkje kan løyse klimakrisa, er fordi mange vaksne tenkjer det, seier Petra.
Ho er samd med Henrik i at det er viktig at skulen og andre vaksne lærer barn meir om klimakrisa og kva som faktisk kan gjerast.
– Dersom ein ikkje veit så mykje om klima og miljø, blir det vanskelegare å ha ei meining om det og vere motivert til å vere med på å løyse problemet.

Under lanseringa fortalde Petra om at mange barn ikkje har nok kunnskap til å meine noko. – Det er eit stort problem, sa ho. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken
– Noko må skje kjapt
Petra peiker også på eit anna punkt i rapporten ho meiner er viktig: At Noreg må satse meir på fornybar energi. Det er energi frå kjelder som vind, sol og vatn – energi vi aldri går tomme for.
– Noreg har masse pengar og er derfor eit land som har god moglegheit til å gjere noko. Vi bør starte no med å ta i bruk fornybar energi og fase ut olje og gass, meiner Petra.
Ho synest at det viktigaste ikkje er at alle tiltaka er perfekte frå starten, men at politikarane kjem i gang.
– Noko må gjerast, og det må skje kjapt.

– Mange folk meiner at olje er framtida, men det er det ikkje, sa Sander da Barnas klimarapport blei lansert. Foto: Ragnhild Marie Kjosbaken
Dette krev Barnas klimapanel
Basert på innspela Barnas klimapanel har fått til rapporten, stiller dei fire krav til politikarane:
- Dyr og natur: Dei krev at politikarane vernar meir natur, også større område, både på land og i havet, slik at dyr får plass til å leve.
- Kunnskap: Dei krev at skulen lærer barn kva som hjelper og kva som skadar naturen, meir om ulike energikjelder, konsekvensar av ulike alternativ og korleis dei kan skilje mytar om klima frå det som er sant.
- Søppel og forbruk: Dei krev at politikarane ryddar meir søppel, avgrensar produksjon av billige ting som skapar avfall, gjer det lønsamt å ta vare på ting og sørgjer for betre sortering så mindre hamnar i restavfall.
- Inkluder barn i forhandlingsrom: Dei krev at barn blir inkludert meir. Barnas klimapanel meiner at det er dei vaksne sitt ansvar å gjere det enkelt for barn å seie si meining.

– Til dykk politikarar: Det handlar ikkje om vi kan redde klima, men om vi vil, sa nestleiar Rosalind.
Dette svarer klima- og miljøministeren
Klima- og miljøminister Sigrun Aasland var til stades under lanseringa og fekk rapporten overrekt av Barnas klimapanel.
– Vi har fått klar beskjed om at vi må bli flinkare, så eg tek med meg det, seier Aasland.
Særleg beit klimaministeren seg merke i at få barn har trua på at klimakrisa kan løysast og svært få kjenner seg høyrde.
– Det var ei trist overrasking i årets rapport. Eg skal jobbe for at fleire får tru på at klima- og miljøkrisa kan løysast, for det trur eg.
Aasland fortel at ho no tek med seg rapporten og skal vise han til resten av politikarane i regjeringa.

Klima- og miljøminister Sigrun i prat med Anna (leiar), Sander og Rosalind (nestleiar) frå Barnas klimapanel. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken
Tek med rapporten til Tyrkia
For Petra, Henrik og dei andre barna i Barnas klimapanel stoppar ikkje arbeidet med rapporten her.
Dei skal vere med på klimatoppmøtet til FN i Tyrkia. På klimatoppmøtet, også kalla COP 31, samlar politikarar frå nesten alle verdas land seg for å diskutere kva som kan gjerast med klima- og miljøutfordringane i verda.
– Eg gler meg skikkeleg. Det blir spennande å møte mange kule folk som kan mykje og som eg kan lære mykje av, seier Petra.
På klimatoppmøtet skal Barnas klimapanel presentere den ferske rapporten sin og fortelje politikarar frå fleire land kva barn og unge meiner.
Petra og Henrik synest det er viktig at politikarane ikkje berre lyttar, men viser at dei tek barn sine meiningar på alvor.
– Nokre gonger kan det følast som at politikarane høyrer på oss berre for å kunne seie at dei har snakka med barn. Det er viktig at dei faktisk gjer noko med innspela våre, avsluttar Petra.

Henrik med Barnas klimapanel sin maskot. Han heiter Molefonken og skal sjølvsagt vere med på klimatoppmøtet i Tyrkia. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken






